Blir ikkje driftsapparatet på gardane fornya og vedlikehalde er det første starten på "kroken på døra".  Ei kvar verksemd har trong for vedlikehald og fornying med jamne mellomrom, held Felde fram.  Nett no er situasjonen ganske prekær for mjølkeprodusentar som skal bygge om frå båsfjøs til lausdrift, seier Felde.   Det er stor trong for å tilføre kapital til prosjekta frå målretta sterke verkemiddel i form av investeringstilskot.  Sterk kostnadsvekst har styrka denne trongen monaleg berre dei siste vekene, held Felde fram.   

I ein e-post frå Innovasjon Norge i Vestland til kommunane datert 22. juni går det fram at IBU - ramma (Investerings og bedriftsutviklingsmidlane) for 2021 er brukt opp.   - Det er jo flott at mange ynskjer å vere med i næringa vidare, men det er trasig at ramma er altfor låg, seier Felde.

Interessa for å investere i frukt, bær og grøntnæringa er gledeleg stor, men også her er vi uroa for kapitaltilgangen framover med ei altfor knapp samla ramme til investeringar.

Rutiner for søknader som skal handsamast i 2022

I e-posten til kommunane kjem det vidare fram at grunna stor etterspurnad etter IBU-midlar kan det for 2022 verte innført nasjonale søknadsfristar for tradisjonelt landbruk - det vil seie for husdyrsaker og frukt/bær/grønsaker/potet.  I påvente av ei melding om slike fristar vil Vestland førebels legge opp til desse rutinene:

  • Søknader om IBU-midlar i 2022 kan sendast til IN vestland etter 1. november 2021
  • Søknadene må vere IN i hende før 1. februar 2022
  • Søknadene MÅ vere fullstendige, med alle vedlegg inkludert.   Søknader som manglar vedlegg vert sendt i retur.

Innovasjon Norge vil vurdere dei innkomne søknadene og prioritere dei i høve til lønsemd og ressursgrunnlag.  alle fullstendige søknader som er innkomne før 1. februar 2022 vil bli vurdert, uavhengig av innsendingstidspunktet.  innan mjølkeproduksjon vil søknader som gjeld omlegging frå bås til lausdrift samt etablerartilskot ved generasjonsskifte få høgast prioritet.

Det regionale partnarskapet i Vestland vil i september 2021 fordele ramma for IBU-midlane mellom dei ulike landbruksproduksjonane.    Innovasjon Norge (IN) minner om at er det er viktig at planlegginga av prosjekta og skriving av søknader vert sett i gang tidleg nok i høve til rutinane ovanfor.   For tilleggsnæringar ventar IN ingen store endringar i 2022.  IN vil sende ut meir informasjon dersom det kjem nasjonale eller regionale endringar knytt til dette.