- Både skulen og barnehagen var kjempepositive då me tok kontakt og spurte om dei ville ha pallekarmar og frø, fortel leiar i Fjaler og Hyllestad Bondelag, Camilla Avedal Ulvik. Hyllestad Barnehage fekk utdelt jord, pallekarmar og frø, som igjen vart fordelt på dei fire ulike avdelingane i barnehagen. 1.klasse ved Hyllestad Barne- og ungdomsskule fekk òg pallekarm, jord og frø/poteter. Ungane var med på å få frøa i jorda, og det var ein kjekk dag for alle. - No spirar det og gror i karmane so det vert spennande å sjå kva som vert resultatet, seier Camilla. 

Borna var med på å lage til pallekarmane, der mykje godt skulle såast.