Ikkje eitt kilo å miste
- Nok ein gong forhandlar ei norsk regjering vekk marknadsmoglegheiter for norske bønder, seier fylkesleiar i Vestland Bondelag Anders Felde
- Eg er glad for at storfe, sau, lam og ost er skjerma i den nye frihandelsavtala med Storbritannia, men det er gjeve betydelege kvotar og tollettelsar for egg,svin, kylling og frukt- og grønsaker. Varige innrømmelsar som kan svekke marknadsbalansen i Norge.
Dette betyr i praksis tapte marknadsmoglegheiter for norske bønder i den norske marknaden og med tapt verdiskaping i Norge. Dette skjer gong etter gong når Norge skal ut i slike internasjonale forhandlingar, og det gjev i sum ein uhaldbar situasjon med stadig auka importvolum av matvarer som Norge kunne produsere i eige land. Det vert importert enorme mengder mat til Norge allereie i dag og avtalen med Storbritannia medverkar til ein auke i dette. I mitt hovud ville det rette vere at EU avsto frå sine kvotar, og at Storbritannia fekk sin rettmessige del av dei kvotane som EU hadde forhandla fram, i staden for den løysinga som kom på bordet no, seier ein svært tydeleg fylkesleiar.
Norges Bondelag sine kommentarar til avtalen
Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskridepartementet sine kommentarar finn du her