Nyheter

Det gode livet på Nyberg

Alv Vinjerui smilar om kapp med vårsola. Han smilar allstøtt denne venesæle gardbrukaren som trødde sine fyrste barnesko i Dalen i Telemark. Kjerringa, Inger Liv, held seg meir i bakgrunnen. Alv er så mykje meir talefør. Dei lever sine gode dagar på garden Nyberg som ligg omlag midtvegs mellom Hægeland og Finsland i Vest-Agder.

Ny Inn på tunet-gård i Vest-Agder

Gården Lindland i Mandal ble nylig vist fram for mulige bidragsytere og brukere. I juni åpnes det også en familiepark på gården. I bygningene som er satt opp i forbindelse med satsingene er det utstrakt trebruk.

Ein ekte bybonde

Magne Thorvald Bakken er blant dei aller siste «bønder i byen». Det betyr lange arbeidsdagar, traktorkøyring på sterkt trafikkerte vegar, omsut for ein einsam og våryr hane - og ein tøff kamp for å take vare på kvar einaste kvadratmeter med verdfull produksjonsjord. ( foto: øystein moi )

Et moderat krav

- Vi har levert et moderat krav som skal ta vare på mangfoldet i landbruksnæringa. Kravet bør være godt tilpassa agderbonden, jeg er mer spent på om tilbudet vil bli det. Bruk av budsjettmidler på de minste brukene er neppe det Siv Jensen har satt høyest på si prioriteringsliste, men jeg tror profilen på kravet har bred støtte i næringa, i folket og forhåpentligvis hos store deler av stortinget. Dette blir spennende, sier fylkeslederen i Vest-Agder Bondelag, Tor Erik Leland.

Lillesand husflidlag på gårdsbesøk!

Midt i lamminga tok leder av Lillesand Bondelag, Marit Gunn Tveit, i mot hele Lillesand Husflidlag på besøk på gården. Vel 30-40 barn sammen med en del voksne myldret rundt på tun, fjøs og låve.

Godt tilpasset landbruket på Sørlandet

Erik Fløystad, fylkesleiar i Aust-Agder Bondelag, er langt på veg nøgd med kravet som bondeorganisasjonane overleverte staten sin sendemann i går føremiddag. No er det berre å smørje seg med tolmod - i neste veke kjem tilbodet frå staten. (foto:øystein moi )

Ei fotografisk rundreise

På vår reise rundt i røystekrinsen, og i verda elles, he me etter kvart samla mange flotte bilete til arkivet vårt. Bilete som på fleire måtar syner det mangfaldet som næringa vår representerer. Me he og vald ut einskilde naturbilete frå vårt langstrakte land.

Til vern om matjorda - i Kristiansand

Det var jordvern som stod på dagsorden då representantar frå Vest-Agder Bondelag, Miljøpartiet De Grønne og Senterpartiet møttes på dyrka mark, eit stutt steinkast frå sentralsjukehuset i Kristiansand. Kristiansand kommune har skumle planar om å legge om lag 30 da med god matjord under jern og betong. Då må det vere fullt lovleg å seie frå - på ein klår og tydeleg måte.

Drømmedag på bondegården

Mandag ble en annerledes skoledag for 3. klasse på Tonstad og Sinnes skule. Klasserommet var byttet ut med fjøset. Hos bonden Tor Arne Liland fikk de en ordentlig omvisning på gården på Liland.

Bli med oss på dugnad

Fyrstkomand laurdag, den 23. april, ser ut til å verte den store ryddedagen i regi av fleire lokale bondelag i Vest-Agder. Det ligg framleis tusenvis av meter med "balleplast" og forurenser strendene i både Mandalselva - og i Audnavassdraget. No tek bøndene grep og inviterer til stor dugnad. Både bønder - og folk flest er hjarteleg velkomne.

Landbrukspolitisk våronn

Vest-Agder Bondelag inviterte, tysdag i denne veka, sentrale poltikarar frå heile fylket til "Landbrukspolitisk våronn." Åstaden var Søgne videregående skole - eller Landbruksskulen i Søgne som det heiter i dagleg tale. Bygdekvinnelaget serverte rjomegraut og spekepylse medan fylkesleiar Leland minna møtelyden på at tida snart er mogen for dei årvisse jordbruksforhandlingene.

Bonde for ein dag

Måndag 18. april inviterte Norges bondelag 3. klasse på Sinnes og Tonstad på gardsbesøk til Tor Arne Liland på Liland. Me fekk servert norskprodusert lunsj mens Tor Arne snakka litt om bonden i Noreg og kva han gjer. Etterpå fekk me omvising i fjøset og sjå sau, geit, ku og høne.

Bondelaget vitja fylkestinget

Det vart vonleg ein mjuk og velsmakande start på dagen då fylkestinget i Aust-Agder samla seg til møte tidleg på tysdag morgon. I forstova hadde representantar frå Aust-Agder Bondelag, og frå Agderkontoret, rigga seg til med aktuelt informasjonsmatriell - og med heimebaka rundstykker med tilhøyrande stuttreist pålegg. Politikarane forsynte seg dugeleg frå matfatet medan fylkesleiar Fløystad heldt ein framifrå apell om landbruket på Agder. Fløystad på sitt aller beste, vart det kviskra blant tilhøyrarane.

Over 300 bønder på informasjonsmøter

Bøndene i Aust-Agder får årlig ca. 100 mill. kr i produksjonstilskudd, ca. 15 mill. kr i pristilskudd og ca. 15 mill. kr i avløsertilskudd i følge Landbruksdirektoratets tilskuddsdatabase. Diverse mindre tilskuddsordninger kommer i tillegg. Staten stiller krav til miljøhensyn, dokumentasjon og ryddighet i søknadsprosessen

Sørlandets største andelslandbruk

I Marnardal vil to driftige bønder starte det som vil blir Sørlandets tredje og desidert største andelslandbruk. Bak står melkebonde Birte Usland og bær- og grønnsaksprodusent Brit Mjåland. Nå inviterer de folk fra Søgne og Songdalen til å bli med.

Se, en sau!

Bøndene kunne neppe valgt et bedre sted enn Stoa Vest, utenfor Coop Obs, da de skulle vise frem bondeyrket med vaffelsteking, sauer og kutatoveringer.

Matnyttig informasjon

Mange kjenner til at partane i jordbruket legg fram sitt krav om økonomisk utvikling og at staten svarar gjennom sitt tilbod. jordbruksforhandlingene fær til vanleg svært mykje merksemd i media. Partane er no inne i dei innleiande rundene - snart brakar det laus. Mykje stend på spel for norsk landbruk - for norske bønder.

Svebestad gjenvalgt som Nortura-leder

Sveinung Svebestad fra Sandnes ble gjenvalgt som styreleder i Nortura på konsernets årsmøte i Lillestrøm onsdag. Per Heringstad fra Heidal ble valgt til ny nestleder.

Ung, lovende - og dum(?)

Frank Bjerg Sigvaldsen (30) er ammekubonde, ambulansesjåfør og snart gårdbruker i Froland, Aust-Agder. - Tiden som lokallagsleder i Bondelaget har lært meg å fronte sakene jeg står for og ikke la meg skremme av andres meninger. Heldigvis vil jeg si, så har jeg disse erfaringene i ryggsekken min. (foto: øystein moi )

Vårens vakraste eventyr

Vindstille. Ikkje ei sky på himmelkvelven. Varmt i solveggen, pylser på grillen - og kaffe på kjelen. Leikande born på grasvollen, lemming i fjoset og daggamle kjuklingar i handa. Me talar om vårens vakraste eventyr i Lillesand.

Supervervaren frå Sirdal

Tor Arne Liland frå Sirdal i Vest-Agder tar vervejobben for Bondelaget på alvor. Han meiner den beste måten å verve fleire medlemmer på er å fortelje om kvifor norskprodusert mat er viktig, både for beredskap og busetjing. (foto:øystein moi )

Norge trenger bonden

Det er få land som kan lage bedre mat enn Norge. Støtt oss i jordbruksoppgjøret, så lover vi å gi dere deilig mat på bordet hver dag, åpne kulturlandskap, levende bygder og over 90 000 arbeidsplasser.

Møte med Sørlandsbenken

Den vidgjetne Sørlandsbenken, med postadresse på Løvebakken, tykkjest stadig verte mindre og mindre i omfang. Dersom utviklinga held fram i omtrent same låma som i dag så bør dei folkevalde snarleg vurdere om dei kan klare seg med ein enkel liten to-seter, eller kan hende ein godt brukt lenestol kan gjere same nytta. ( foto: øystein moi )

Inviterer til landbruksdag

Marit Gunn Tveit er leiar av Lillesand Bondelag. Fyrstkomande tysdag inviterer ho alle 5. klassinger i Lillesand røystekrins heim til seg på garden. Det vert omvisning i sauefjoset, utstilling av landbruksmaskinar, informasjon om tømmerhogst, jakt og viltforvaltning. Garantert ein spanande dag for store og små - og me kjem sjølvsagt attende med fylldig dekning av landbruksdagen - i ord og bilete. (foto: øystein moi )

Våronnmøte - Arendal Bondelag

Om lag 30 personar møtte fram då Arendal Bondelag skipa til våronnmøte siste dagen i mars. Det var faglege innspel av representantar frå Bondelaget, Felleskjøpet og Landbruksrådgjevinga. Av aktuelle emne som vart handsama kan ein m.a. nemne gjødsling og gjødselplan, bruk av kraftfor på beite - og nye reglar for produsenttilskot.

Plast er ikke plast, fastslår Erik Fløystad.

Det er et stort mangfold av rundballeplasttyper å velge mellom, også bioplast. Det lønner seg å sjekke hva entreprenøren har på rundballepressa – eller hva butikken har på lageret.

Vårmøte i Gjerstad lokallag

Gjerstad lokallag (NSG) inviterte til vårmøte 31 mars og i den sammenheng inviterte de også andre lokallag til møtet. Det var to tema på agendaen, i tillegg til sosialt treffpunkt: fjøsbesøk i øvrebygda Gjerstad hos familien Eskeland og deretter foredrag av veterinær Trygve Holtebekk fra Mattilsynet.

Brit Mjåland - ein av 30 inspirasjonsbønder

Brit Mjåland, ved Mjåland gård i Marnardal, er vald ut for å rekruttere fleire bønder til å satse på økologisk landbruk. Dette vil ho vonleg lukkast med gjennom prosjektet "Landbrukets Økoløft."

Fjerna søppel og rundballeplast

Frå truvedige kjelder fær me opplyst at så mykje som 35 000 meter med rundballeplast kan ha tilsulka strendene og vassdraget kring Lygna i fjor haust. Ekstremværet "Synne"la frå seg mykje søppel og skrot då det passerte Sørlandet . No er det tid for opprydding. Laurdag føremiddag møtte ein solid dugnadsgjeng opp ved Kvåsfosen.

Lyngbrenning - et kinderegg

Gamle metoder tas i bruk for å ta vare på kystlyngheiene på Sørlandet. På grunn av endra arealbruk gror kystlyngheiene igjen med busker og trær. Kystlyngheier er en internasjonalt truet naturtype som miljøforvaltningen ønsker å ivareta og gjenskape gjennom aktiv bruk og skjøtsel. Kystlynghei er også en av seks utvalgte naturtyper etter naturmangfoldloven.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere