Org.sjef Finn Aasheim, med eit vakent blikk, sytte for at alle fylkespolitikarane slapp til i matfatet. Mannen til høgre i bilete er sjølvaste  fylkesvaraordføraren, Jon - Olav Strand (KrF)  (foto: øystein moi )

Fylkesordførar Tellef Inge Mørland i hyggeleg samtale med Finn Aasheim.  ( foto: øystein moi )

Fylkespolitikarane synte seg å vere svært så interesserte i kva Erik Fløystad hadde å fortelje. Dei fekk m.a. skryt for vedtaket om å byggje ny driftsbygning på landbruksskulen på Holt. Fylkesleiaren hadde i det heile mange godord å fordele denne morgonen, noke som hausta ein kraftig og tverrpolitisk applaus  før  politikarane lukka døra og tok sete i tingsalen.( foto:  øystein moi )

Knut Erik Ulltveit er nestleiar i Aust-Agder Bondelag og hadde teke vegen heilt frå Gjerstad for å dele ut morgonmat til fylkespolitikarane. ( foto: øystein moi )