Våronnmøte - Arendal Bondelag
Om lag 30 personar møtte fram då Arendal Bondelag skipa til våronnmøte siste dagen i mars. Det var faglege innspel av representantar frå Bondelaget, Felleskjøpet og Landbruksrådgjevinga. Av aktuelle emne som vart handsama kan ein m.a. nemne gjødsling og gjødselplan, bruk av kraftfor på beite - og nye reglar for produsenttilskot.