Digitale tilsyn på småfe og storfe
Mattilsynet er no i gong med digitale tilsyn på småfe og storfe i Agder.
Mattilsynet vil kome med digitale tilsyn. Kvart år blir det utført eit bestemt antal tilsyn med sporbarheit i storfehald og småfehald.
Mattilsynet vil sjå etter følgande:
- Merking av dyra
- Dyrehaldssjournal
- Registrering og rapportering
Du kan lese meir om sporbarheit for storfe og småfe her:
Korleis gjer Mattilsynet dette digitalt
Mattilsynet har tilgong til alle registreringar i Husdyrregisteret, og kan gjere tilsyn med registrering og rapportering der. I tillegg vil vi be om å få tilsendt en del dokumenter, som dyrehaldjournaler, egenerklæringer og veterinærattester fra dyrehaldet på e-post i forkant av tilsynet.
Mattilsynet ringer fyrst til dei som blir valgt ut og informerar/kartlegg det praktiske rundt tilsynet. Før tilsynet vil du få tilsendt ei lenke til Teams, kvar tilsynet skal foregå. Du treng ikkje ha Teams installert for å kunne delta på møte. Først vil vi prate saman og sjå på dokumenter, då kontrollerar vi dyreholdjournal og dine rutiner for registrering og rapportering. Deretter ynskjer vi å ta ei runde i fjøset mens du filmer dyrene.
Dette ynskjer Mattilsynet av deg(om du er valgt ut):
• Dyreholdjournal/besetningsliste
• Evt. lammelister
• Egenerklæringer og veterinærattester fra eventuelle forflytningar
• Helsekort (helseopplysningar)
• Identitetskort for vær/bukk