Sidan 1600-talet he det vore liv og drift på Mjåland gård. Ved Laudal i Marnardal, like nord for Mandal, møter du ein idyll kor både villaks og mennesk stopper opp. Tett attmed Mandalselva finn laksefiskarar, turistar, jobb- og tryggleiksøkjande menneske både ro og uforgløymelege naturopplevinger. Tidligare var det skogen og fisket som var dei viktigste næringene i dette dalføret.
No er det nye tider. Nye utfordringer - og nye løysinger.
Velsmakande, økologiske jordbær og sjeldne stauder er nokre av gardsprodukta  som avlast til sal på garden og som seljast på eigen nettbutikk .

Foto: øystein moi

Landbrukets Økoløft er eit samarbeid mellom Norges Bondelag, Norsk Bonde - og Småbrukarlag, Oikos - Økologisk Norge, Økologiske Foregangsfylker, Debio /Debio Info og Norsk Landbruksrådgjeving.
-Inspirasjonsbøndene er viktige fordi dei er gode døme på korleis ein kan satse på økologisk matproduksjon, og samstundes som  dei er viljuge til å dele sine praktiske røynsler med andre, sier Aina Bartmann - leiar for Landbrukets Økoløft, i ei pressemelding.

Brit Mjåland tok øve drifta av garden i 2001. Ho vaks  opp på Mjåland Gård. Ho er glad i det grøne i naturen og ho sår jamnleg små frø som veks seg store og sterke. Eit godt bilete på den samla verksemda på Mjåland.
Vertskap for  "Inn På Tunet " - og storprodusent av økologiske bær.
Jordbærplantene  til Brit er kva ho kallar "remonterande "- det vil med andre ord seie at ho m.a. kan levere friske og nyplukka bær til langt ute i elgjakta. Etterspurde, kortreiste - og sjølvsagt økologiske.jordbær.
No skal Brit Mjåland inspirere både nye - og ikkje minst velbrukte øko-bønder.
Jenta frå Mjåland Gård er handplukka til oppgåva - og sjølvsagt ynskjer me lukke til med ei stor og viktig oppgåve på livsvegen.

Her kan du lese meir om Landbrukets Økoløft

Foto: jane brit sande / Bondevennen