Dei hadde så avgjort ikkje vergudane på si side dei to gutane frå Bondelaget som onsdag i denne veka drog til Stortinget for å møte den mykje så omtala, og høgt respekterte, Sørlandsbenken.
Organisasjonssjef v/ Agderkontoret, Finn Aasheim - og fylkesleiaren i Vest Agder Bondelag, Tor Erik Leland var godt førebudd då dei tidleg på morgonen møtte dei folkevalde egdene på Stortinget.
Tett skodde øve austlandet, og derav noko forseinka flytrafikk på den nasjonale hovudflyplassen, lyt take noke av skulda for at møtet i Nasjonalforsamlinga vart noko avgrensa i tid.
Underteikna he lite røynsle med møter på slikt høgt nivå, men ein må truleg vere nøgde med at våre to utsendingar fekk heile 13 minutt i lag med våre folkevalde tingmedlemmer frå Agder. Me lever tross alt i en hektisk kvardag. Både stortingsfolk og mjølkebønder.

Utsendingene frå agderlandbruket  fekk øvelevert sine innspel m.o.t dei komande jordbruksforhandlingene, kommentarar til Ny Stortingsmelding om jordbruk, innspel til Stortingsmelding om ulv - og innspel til Finansdepartementet sitt forslag om skattelette / endringer i jordbruksfrådraget.
Organisasjonssjef Aasheim seier i ein kommentar at det sjølvsagt og var på sin plass å minne stortingsrepresentantane om kor viktig det er å setje seg inn i problemstillinga kring det stadig aukande presset på matjorda i detta landet. I meir faglege krinsar talar ein då om det som vert kalla Jordvern.
Før dei skildes som gode vener etter 13 hektiske minutt, stortingsrepresentantane og byråkratane, vart dei folkevalde invitert på eit aldri så lite gardsbesøk på Sørlandet. Truleg i August.
Takk til Kari Henriksen, Svein Harberg, Kjell Ingolf Ropstad og Ingunn Foss  for at Dykk tok vel i mot utsendingane frå agderlandbruket.
Kor dei seks andre folkevalde, frå Agder, var denne føremiddagen - ja det må fuglane vete.
Det tykkjest såleis vere himla god plass på Sørlandsbenken no om dagen.
Det vert truleg meir kamp om sitjeplassane når me nærmer oss Stortingsvalet 2017....
Det er god plass på Sørlandsbenken no om dagen. Kan ein lenestol gjere same nytta ...   ( foto: øystein moi )