Nyhende frå Vestland Bondelag

Fylkesutvalet støttar landbruket

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune, med unntak av Frp sin representant, meiner at bøndene må ha ei inntektsutvikling på line med resten av samfunnet. Fylkesutvalet krev at måla og strategiane i landbruksmeldinga blir følgt opp i komande jordbruksforhandlingar. Det må løne seg å produsere sikker, god og kortreist mat. Bøndene må kunne ha inntekter som gjer det mogleg å investere for framtida – også for nye generasjonar bønder i fylket.

Nytt Open gard arrangement på Mo og Jølster v.g skule

Lokale bondelag i indre Sunnfjord, vil også dette året skipe til Open gard arrangement på Mo og Jølster v.g. skule på Mo.

Landbruket: ulike interesser å ivareta inn mot vassdirektivet

Landbruksnæringa vil kunne har mange interesser å ivareta inn mot forvaltninga av vassdirektivet, der dette kan går på; landbruket som ureinar til vassdrag, landbruket treng god nok vasskvalitet i eigen landbruksproduksjon og tiltak for å verne jordbruksarealet.

Regjeringa må følgje opp

- Eg reknar med at regjeringa tek brotet i jordbruksforhandlingane på alvor, og når ”stormen” har roa seg set seg saman med næringa for å kunne kome fram til løysingar som kan betre lønsemda for ei svært viktig distriktsnæring, seier organisasjonssjef Merete Støfring. - Skal vi nå måla om auka matvareproduksjon må det kome ein snuoperasjon med tilstrekkeleg kroner i potten. Det vert ikkje auka matproduksjon av fager prat, held Støfring fram

Parademarsj i Oslos gater

Opptoget vart ein suksess! Dei 80 hordalendingane var synlege og langt framme i toget. Stor innleving og gode slagord skapte merksemd. Mange langs gatene viste tommelen opp. Marsjen, som samla over 2000 deltakarar, var ei sterk markering for norsk matproduksjon.

Bli med på stormarkering i Oslo

Måndag den 21. mai planlegg Norges Bondelag ei større markering i Oslo med deltakarar frå heile landet for å synleggjere trongen for eit løft i landbruksinntekta. Fylkeslaget vil setje opp buss til arrangementet, og du er hjarteleg velkomen til å melde deg på

Forbrukarane tømte hyllene i Knarvik

På Rema 1000 i Knarvik var hyllene allereie tomme då bøndene kom.

Sveio Bondelag fremst i traktortog på E 39!

Traktorkolonne på Haugalandet i går, med Sveio Bondelag fremst.

Synte kor sårbare vi er

Ein kan meine mangt og mykje om våre aksjonar, men det er ikkje tvil om at brødaksjonen syner kor sårbare vi er, seier fylkesleiar Per Hilleren. Det var ikkje lange stunda, og dei store tiltaka som måtte til for å tømme dei fleste butikkane for brød.

Nordfjordrådet ber landbruksministeren ta naudsynte initiativ

- Nordfjordrådet meiner ingen er tent med ei langvarig konflikt om framtida for landbruket. Vi vil oppmode Landbruksministeren om å ta nødvendige initiativ til at partane kan ta opp att forhandlingane, heiter det i ei fråsegn som Nordfjordrådet vedtok i går

Leverte landbruksmeldinga attende til staten

- Denne meldinga gav oss store forventningar, men når det kom til realitetane så hadde ikkje regjeringa evne til å følgje opp med økonomiske verkemiddel difor finn eg det rett å sende heile meldinga i retur til Landbruks- og Matdepartementet sa fylkesleiar Per Hilleren då han leverte meldinga til fylkesmann Anne Karin Hamre på Hermannsverk i dag tidleg.

Bergensbøndene tar maten tilbake

Bøndene dro på handletur til Lagunen i dag morges, med traktorer og bannere og en varebil til å frakte brødet hjem.

Variert markering på Stord

Traktormarkering i sentrum, plakatar i butikkane, lesarinlegg til lokalavisa og direktespørsmål til ordføraren. -

Utan mat og drikke duger staten ikkje

- Dersom regjeringa held fram sin politikk med stadig færre bønder, må stadig fleire av oss ut og finne jobb andre stader, og då kan det gjerne bli ein godt betalt byråkratjobb på Leikanger, seier fylkesleiar Per Hilleren i ein kommentar til at bønder denne morgonen har innteke byrpåkrathovudstaden i fylket, Leikanger.

Stort engasjement

- Det er godt å sjå engasjementet og kamplysta som bønder i heile fylket syner i desse dagar, seier fylkesleiar Per Hilleren. Det syner alvoret for ei svært viktig næring i Sogn og Fjordane.

"Ein straum av misnøye"

Fire traktorar i kolonne spreidde mjølk frå tankvogner og senka trafikken i Kanalveien - ved tineanlegget.

Smalhans: Bøndene må sette bort kyra

- Kua har ikkje vore mjelka idag, så no ventar ho bare på Synnøve, var meldinga frå bøndene i Omvikdalen og Uskedalen.

Stengde Utvikfjellet

Vi er frustrerte og sinna over at regjeringa ikkje skjønar alvoret, og difor har vi denne aksjonen på Utvikfjellet for å få ut frustrasjonen. Med denne aksjonen vil vi synleggjere at dersom bøndene i Sogn og Fjordane må legge ned, stoppar samfunnet og distrikta opp, seier fylkesleiar Per Hilleren

Ingen veg utanom

- Eg støttar fullt opp om forhandlingsutvalet si avgjerd om å bryte forhandlingane seier fylkesleiar Per Hilleren. Så lenge ikkje regjeringa kunne kome oss i møte med eit tilbod som kan gje eit løft for matproduksjonen i Norge så var eit brot einaste alternativet.

Skuffa Lustringar

- Eg må seie at eg vart svært skuffa over regjeringa sitt tilbod ved årets forhandlingar seier leiar i Hafslo Bondelag Claus R. Moe. Eg hadde rei naudsynt håp om noko meir, sett i lys av alle dei fine orda i landbruksmeldinga.

Regjeringa innser ikkje alvoret

- Dette er rett og slett for dårleg, seier fylkesleiar Per Hilleren. Eg hadde forventa at vi vart tilbydd ei kronemessig lik utvikling med andre som eit utgangspunkt for forhandlingar. Vi er langt frå det i tilbodet, og dette er svært skuffande.

Tilbodet kjem onsdag klokka 10:00

- Det vert spanande å sjå kva staten har å tilby oss på onsdag seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Per Hilleren, som i år måtte vente 2 døgn ekstra på staten sitt tilbod.

Nok eitt år på overtid

- Det undrar meg ikkje, men eg må seie at eg tykkjer staten kunne prioritert jordbruksoppgjeret slik at ein evnar å kome med eit tilbod til det tidspunktet som har vore sagt, seier fylkesleiar Per Hilleren.

Det er lov å bruke vit

- Soga om oksen i Breim som stakk av frå slaktebilen, og til slutt var for frisk for å bli menneskeføde skapte store overskifter i media sist veke, og for mange av oss vert dette ei stadfesting av at alle reglar må kunne ha sine unntak, seier fylkeleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Per Hilleren.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere