Nyhende frå Vestland Bondelag

Velkomen til Open Gard

- Eg gledar meg til å medverke bak grillen på Open Gard på Mo seier fylkesleiar Per Hilleren. Søndag den 2. september vert det skipa til 3 Open Gard arrangement i fylket. I tillegg til på Mo er det hos Leidal Samdrift på Eid og hos Marita og Per Tistel i Vik.

Inviterer til energivirkeseminar

- Vi registrerer ei aukande interesse for bruken av skogen som energivirke, men framleis er aktørane i Sogn og Fjordane å rekne som nybyrjarar i bransjen, seier prosjektleiar Arnt Laukeland i Bioenergiprosjektet. Han er difor glad for seminaret som Innovasjon Norge, Energigården AS og Skog og Landbskap inviterer til i Stryn den 7. september.

Open gard i Viksdalen

Viksdalen Bondelag valde i år å legge sitt Open Gard arrangement til Fosseheimen Naturpark/4H gard, søndag 26. august og inneheld både ei landbruksfagleg, sosial og kulturell ramme.

Handlingsrommet i importvernet må nyttast

- For oss er det svært viktig at norske styremakter brukar handlingsrommet som ligg innanfor reglane i WTO til å veksle mellom kronetoll og prosenttoll, og til ei kvar tid bruke det som gjev best vern, seier leiar for Samarbeidsrådet i Hordaland og Sogn og Fjordane Ingunn Sognnes.

Flott tilskiping i Stryn

- Vi er godt nøgde med gjennomføringa av Open Gard arrangementet vårt i Stryn, seier leiar i Stryn Bondelag Bjørn Rørtveit. - Vi håpar vi har lukkast i å synleggjere næringa sin trong for framleis å kunne nytte utstillingshallen i kommunen til landbruksføremål held han fram.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere