Nyhende frå Vestland Bondelag

Påverknad i fokus på leiarmøtet

- Det vert interessant å høyre om regiondirektøren i NHO, Jan Atle Stang og distriktsredaktøren i NRK Sogn og Fjordane Rolf Sanne Gundersen greier å provosere og skape debatt, seier fylkesleiar Per Hilleren i ein kommentar til at dei er mellom innleiarane på leiarmøtet på Skei den 1. oktober.

Bur du i ei iderik bygd?

- Om du bur i ei bygd med mange gode idear og eit godt bumiljø, så må du berre hive deg rundt og fremje bygda sitt kandidatur til prisen for iderike bygdesamfunn, seier Bjarte Myren som skal vere med å vurdere dei ulike kandidatane.

Programmet for AgroNordVest er klart

- Vi kan by på eit godt fagleg program, men vi prioriterer også tid til sosiale aktivitetar for deltakarane på årets AgroNordVest i Loen den 9. og 10. november, seier leiar for arrangementskomiteen Norunn Ulvedal.

Topp kvalitet på årets lam

- Sauesankinga i Gjengedalen er like kjekt kvart år, seier styremedlem i fylkeslaget Nils Magne Gjengedal. Sjølv har han ikkje sau lenger, men sankinga må han få med seg likevel.

Tryggleik og helse i fokus på Mo

Den landsdekkande HMS kampanjen, der Landbrukets HMS- teneste har prosjektleiing og organisasjonane i landbruket skal samarbeide om lokal marksdagar og fagmøte, vert for vårt fylke startar opp på Mo og Jølster v.g skule, onsdag 3. oktober

Styrkar vilkåra for lokal matproduksjon

- Takk til alle som har medverka til eit styrka tollvern på utvalde produkt, seier fylkesleiar Per Hilleren. Ei styrking av tollvernet er svært viktig for næringsmiddelindustrien og landbruksproduksjonen i Sogn og Fjordane held ein smilande Hilleren fram.

Flis og ved i fokus

- Det går mot kjølegare dagar og etterkvart vil dei fleste av oss måtte bruke meir energi for å halde varmen i husa våre, seier prosjektleiar Arnt Laukeland i bioengeriprosjektet som inviterer til fagdag med fokus på flis og ved i Stryn.

Lot seg imponere av "Petter Smart"

- Eg let meg imponere over det eg såg på Josetdal Industrier seier, fylkesleiar i Bondelaget Per Hilleren. Særleg overraska det meg at dei lagar så mange av komponentane i produkta sine sjølve, heilt ned til små boltar og skruer.

Inntek Jostedalen

- Eg ser fram til å gjennomføre møtet i fylkesstyret i Jostedalen seier, fylkesleiar Per Hilleren. Saman med resten av styret skal han få eit innblikk i næringsliv og busetjingspolitikk i denne bygda i Indre Sogn

Lite å vinne på luftekrav for dyr i lausdrift

- Styret i Sogn og Fjordane Bondelag forventar at Norges Bondelag og politiske styresmakter medverkar til ei løysing som er fornuftig når det gjeld krav til lufting også av kyr i lausdrift, seier fylkesleiar Per Hilleren. Det må opnast opp for at det kan bli gjeve dispensasjon frå forskrifta til alle sider av saka er belyst opp mot alle endringane som har vore sidan vedtaket om lufting av storfe også i lausdrift vart fatta. Slik styret ser det er ikkje alle sider ved den mjølkeproduksjonen vi ser i dag belyst i høve forskrifta, og styret ser heller ikkje at det eksisterer gode og rimelege løysingar for luftegardar.

Lisensjakta på jerv kan starte i dag

- Rovviltnemnda vedtok i møte 30. august ein kvote på 5 jerv i Region 1. Den geografiske grensa er oppheva i Sogn og Fjordane slik at jerv no kan jaktast i heile fylket. Lisensjakta er frå 10.09.2012 – 15.02.2013.

Offensiv rovviltnemnd

- Det er bra å oppleve at det var ei fulltalig og aktiv rovviltnemnd som stilte til møte i Sogndal siste veke, seier nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Marit Flatjord. Leiar i den nye nemnda er fylkespolitikar og ordførar i Aurland, Noralv Distad (biletet).

Matjorda er truga

- Eg vil oppmode lokallaga og privatpersonar om å delta på biletdugnaden til Norges Bondelag, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Per Hilleren.

Ros til Vik for flott Open Gard tilskiping

- Det virka ikkje som dei mange borna som var på Open Gard i Vik brydde seg om det dårlege veret, seier nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Marit Flatjord.

Fin Open Gard søndag

- Dette gjekk over all forventning seier leiar i Eid Bondelag Knut Tore Nes Hjelle som trass i noko ruskete ver hadde over 1000 menneske innom dørene. Også på tilskipinga på Mo og i Vik vert det meldt om godt med folk og fine tilskipingar.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere