Nyhende frå Vestland Bondelag

God julehøgtid

Tillitsvalde og tilsette ynskjer alle medlemer ei riktig gode julehøgtid. Fylkesleiar Per Hilleren si julehelsing til dykk alle kan du lese nedanfor.

Gardsarbeid lærerikt og inspirerande for skuleelevar i Gloppen

Ei elevgruppe ved Gloppen ungdomsskule, har med suksess, teke del i arbeidet på garden til bonde Egil Fjellestad, Sandane, der han tilrettelegg arbeidsoppgåver og rettleiar elevane i ulike fasar av jordbruksprodusjonen på garden hans.

Gjev rom for å finne praktisk gjennomførbare løysingar

- Flest mogleg dyr skal ut på beite, men ein landbrukspolitikk som styrer mot stadig større einingar i kombinasjon med den teknologiske utviklinga gjer dette til ei utfordring for dyr som er i produksjon i sommarhalvåret. - Det er bra at Landbruks- og Matdepartementet opnar opp for å kome fram til gode løysingar som vil vere praktisk gjennomførbare for å kunne tilfredsstille mosjonskravet for storfe, seier fylkesleiar Per Hilleren.

Valnemnda ynskjer innspel på kandidatar

- Vi er komne godt i gong med arbeidet, men vi etterlyser innspel på dyktige kandidatar til styreverv i Sogn og Fjordane Bondelag seier leiar i valnemnda Anne Moen.

Andre faktorar enn jakt er hovudårsak til redusert rypebestand

Denne påstanden underbygde dr. philos Hans Christian Pedersen, med faglege vurderingar og statestikk med grunnlag i forskningsresultat under årets Viltseminar i fylket.

Nordfjord Vassområde inviterer til referansegruppe

Nordfjord vassområde har sendt ut invitasjon til ei rekkje lag, organisasjonar og verksemder om å ta del i ei lokal referansegruppe. -Vi reknar med eit stort engasjement frå lag og organisasjonar som ønskjer å i vareta sine interesser i bruken av vassressursane, seier prosjektleiar i Nordfjord Vassområde, Staffan Hjohlmann.

Stadfestar for dårleg inntektsutvikling

- Tala frå Norsk Institutt for Landbruksøkonomisk forsking stadfestar det vi har sagt over tid at kostnadsveksten i altfor stor grad et opp den potensielle inntektsveksten, seier fylkesleiar Per Hilleren i ein kommentar til driftsgranskingane for 2011 som vart kunngjorte i dag.

Stort omfang av ettersøk av hjort

Om lag 1600 ettersøk av hjort vart gjennomført i vårt fylke siste to åra, der ca 100 dyr vart registrert skadeskotne per år og der 8-9% av skot på hjort er bomskot. Dette var noko av det statistiske materialet som fylkesinstruktør for ettersøkslag av hjort i fylket, Rudi Sønnervik, presenterte som grunnlag for tema om ettersøk av hjort på årets Viltseminar i fylket.

Fellingslag for store rovdyr som "brannberedskap" i kommunen

Sjølv om det i Sogn og Fjordane ikkje er like stort grunnlag for fellingslag for rovvilt som i bjørn- og ulveområda, må ein sjå på fellingslag i vårt fylke som brannberedsskap, der dette kan setjast inn når det trengst. Dette uttalte Arve Aarhus prosjektmedarbeidar i Sogn og Fjordane Skogeigarlag, på det nyleg avhelde Vitseminar i fylket.

Du kan framleis "Tørre og spørre"

Bondelaget sin vervekampanje "Tørre og spørre" har resultert i mange nye medlemar. - Vi har mål om endå fleire, og håpar på ein god innspurt i kampanjen, seier Anita Sæther ved kontoret til Sogn og Fjordane Bondelag.

Trygging av arbeidsmiljøet på garden i fokus på Sande

HMS-kampanjen i fylket, "Trygghet og helse i landbruket", vart vidareført med markdag på Sande, der Gaular Bondelag var arrangør i samarbeid med Landbrukets HMS- teneste.

Rovviltdata - viktig grunnlag i rovdyrforvaltninga

Registring av spor, ekskriment og andre teikn kring adferd til rovdyra, er ein førsetnad i rovdyrforvaltninga. Her kan alle bidra med innsamling av datagrunnlag, både organisasjonar, institusjonar og privatpersonar som går på tur eller jaktar. Dette var eit sentralt bodskap frå foredragshaldar Morten Kjørstad, Rovdata, på nyleg avhelde Viltkonferanse i fylket.

Våre samarbeidspartnere