Vi er komen i ein svært alvorleg situasjon, og det er særleg trist å registrere at regjeringa med statsministeren i spissen ikkje syner vilje til å kome med verkemiddel som kan gjere dei fagre orda i matmeldinga til røyndom, held Hilleren fram. 

Stortinget har slått fast at norsk matproduksjon skal aukast, og at inntekt er det viktigaste verkemidlet for å nå dei landbrukspolitiske måla om å auke matproduksjonen i takt med folkeauken og sikre rekruttering til yrket.  Staten har tilbydd knapt 13.000 kroner medan det rettvise kravet var på  50.000 kroner. Både regjeringa og vi er einige om at inntekt er avgjerande.  Då kan vi ikkje forhandle på eit tilbod som svekker inntektsutviklinga i høve til andre grupper, seier ein frustrert Hilleren. 

Jordbruksoppgjeret handlar ikkje berre om inntekt.  Det handlar og om å sikre et landbruk over heile landet, Sogn og Fjordane inkludert, produksjon av trygg mat til forbrukaren og om å sikre nærmare 100 000 arbeidsplassar i landbruk og næringsmiddelindustri.  Berre i Sogn og Fjordane har vi over 1000 tilsette i næringsmiddelindustrien og om lag 3000 gardsbruk i aktiv drift.    Dette ansvaret har ikkje regjeringa følgd opp i sitt tilbod, seier Hilleren.