Antibiotikabruk

  • Tips en venn om denne siden

Mjølkeku

Norsk landbruk har den lågaste antibiotikabruken i landbruket i heile Europa.

Fakta om antibiotikabruk
Noreg brukar minst antibiotika i husdyrproduksjon i Europa.
Vi brukar 4 milligram antibiotika per kilo kjøtt.
Sverige brukar 14 mg antibiotika per kilo kjøtt, mens Danmark brukar over 10 gongar så mykje antibiotika som Noreg (43 mg/kilo)
Spania, Italia og Kypros har høgast antibiotikaforbruk i Europa.

Dette er eit resultat av målretta samarbeid mellom styresmakter, veterinærar og bønder gjennom fleire år.

Antibiotikabruken i norsk husdyrhald har gådd ned med 40 prosent sidan det på midten av 90-talet vart sett i gang tiltak for å få ned bruken av antibiotika.  Norsk husdyrproduksjon skal ikkje bidra som kjelde for antibiotikaresistente bakteriar som kan overførast til menneske.

Berre antibiotika ved sjukdom

Mens andre land brukar antibiotika førebyggjande, brukar vi det berre ved behandling når dyra er sjuke, og berre etter å ha fått det føreskrive frå veterinær.

Antibiotikabruken i norsk husdyrhald har gådd ned med 40 prosent sidan midten av 90-talet

Friske dyr treng ikkje antibiotika, og ei målretta satsing på dyrehelsa i norsk husdyrhald gir mindre sjukdom og mindre behov for å gje antibiotika. Det blir jobba systematisk med å betre dyrehelsa gjennom sjukdomsutrydding og smittenedkjemping, ved å gje dyra betre forhold i fjøset og gjennom målretta avl av friske og sterke dyr tilpassa norsk klima og norske forhold.

Verdas strengaste medisineringsregime

For bonden som skal selje varen ho produserer til meieriet eller slakteriet, lønner deg seg heller ikkje å gje antibiotika til dyra unødvendig. Det er strenge reglar for å sikre at det ikkje finnst medisinrestar i matvarane som kjem frå produksjonsdyr.

Noreg har for eksempel eit av verdas strengaste medisineringsregime for mjølkekyr, og det er nulltoleranse for antibiotikarestar i mjølk. Det betyr for bonden sin del at ho ikkje får selt råvaren sin dersom han har spor av antibiotika.

Norges Bondelag meiner:

  • Matproduksjon i Noreg framleis skal skje med restriktiv bruk av plantevernmiddel og medisinar
  • Vi må hindre smitte inn i norsk husdyrhald gjennom folk og dyr, og ha strenge reglar for import av levande dyr og ved besøk i husdyrrom.
  • Norges Bondelag og dei andre nordiske bondeorganisasjonane har bedd EU om å forby førebyggjande bruk av antibiotika hos husdyr, med mål om mindre antibiotikaresistens.

Relaterte artikler

Ingen funn av antibiotikaresistente MRSA-bakterier i norske svinebesetninger i fjor.

Ingen MRSA-utbrudd i 2017

Publisert 

I fjor var det ingen funn av klassisk LA-MRSA hos norske svin. – God innsats fra næringa har gitt resultater, sier Bartnes.

mat

Mattilsynet: Norsk mattrygghet på topp

Publisert 

- Maten i Norge er blant den tryggeste i Europa, dette slår Mattilsynet fast i sin årsrapport for 2015. De roser også dyrevelferdsarbeidet i kyllingproduksjonen.

Dette skjer i Norges Bondelag

Tirsdag
10
desember

Styremøte

Landbrukets hus
Tirsdag
10
desember

Styremøte

Landbrukets hus
Onsdag
11
desember

Styremøte i BS (telefonstyremøte)

Landbrukets hus

Våre samarbeidspartnere