Nyheter

Bli med oss på dugnad – Naturligvis

Styret har vedteke at det i år blir utbetalt ei godtgjersle på 100.- kroner for kvar utført arbeidstime. Dette er ei godtgjersle som vert utbetalt til det laget / den organisasjonen som vedkomande dugnadsarbeider representerer.

Hallvard Forgard

30 år gamle Hallvard Forgard satsar for fullt som gardbrukar på slektsgarden i Åseral. Gardsvegen nr 111 i den bygda kor mjølkebilsjåføren he fri heile sumaren. Halvard he tru på framtida. No utvidar han fjoset og byggjer ny tårnsilo.

Då Marit Gunn steikte pannekaker og Kåre opna døra til sauefjoset

Fantastiske ambassadørar for landbruket på heile Agder. Marit Gunn Tveit er lokallagsleiar i Lillesand Bondelag og nestleiar i Aust-Agder Bondelag. Mannen hennar, Kåre, er fylkesleiar i Aust-Agder Sau & Geit. Framifrå fagfolk. Gjestfrie og venesæle på alle vis. Måndag ettermiddag tok dei mot meir enn 100 gjestar heime på gardstunet

700 personar på gardsbesøk på Heddeland.

Eigentleg ville me setje opp nytt fjos med trevirke som byggemateriale - men reknestykket synte raskt at dette ville forlenge byggeperioden med bortimot eit heilt år, og prislappen vart brått 1,5 millionar høgare.Me er strålande nøgde med resultatet. 19. oktober tok Sjur og Kari i bruk det nye fjoset. Sist helg var det folkefest - eller folkevandring om du vil. I fjoset på Heddeland. "Åpent fjøs" samla meir enn 700 skodelystne.

Jørund sender dyra på fjellbeite

Jørund Kvaale Hansen er gardbrukar på Nedre Kvåle i Bygland. Einaste grisebonden i heile Setesdal - og i det nye fjoset er det triveleg husvære for om lag 60 storfe. Garden he vore i slekta i meir enn 600 år.

Ei fotografisk helsing frå Skjeggedal.

Jannicke Modell Røhmen er lokallagsleiar i Åmli Bondelag. Ho er busett på garden Skjeggedal - og i dag he ho, i fylgje eigne ord " dukka ned blant dei digitale møllkulene heime på loftet." Me er svært takksame for dei fine bileta Jannike har sendt oss. Eit klårt og stemningsfullt vitneprov på at dei lever eit godt liv inne på Skjeggedal. Både folk og dyr. Indre Agder på sitt aller beste. Ikkje så himla langt unna korkje Froland - eller Mykland.

Kjære forbruker

- Kjære forbruker. Takk for at jeg har fått jobben med å produsere maten du spiser. Jeg elsker det. Jeg kan love deg at jeg gjør alt jeg kan for at maten skal bli best mulig.

Vi trenger ungdom som vil gå sine egne veier ..

Vi leter etter en kreativ bygdegründer til årets Askeladdpris. Prisen som går til unge etablerere på bygda er i år økt til hele 50 000 kroner.

Sats på framtida – øk verdiskapinga i landbruket

Stortinget har slått fast at inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet skal reduseres. Representantskapet i Norges Bondelag krever at dette legges til grunn i årets jordbruksoppgjør.

Årsmøte 2018

Det plar vere ei forestilling heilt utan dramatikk, vonde tankar, knyta never - eller stygge ord når Aust-Agder Bondelag og Vest-Agder Bondelag samlast til ting. Måndagen den 12. mars, 2018 vart såleis ikkje noko unnatak. Årsmøta gjekk føre seg heilt etter læreboka, og båe fylkesleiarane fær halde fram i sine verv i det som vert eit nytt og spanande arbeidsår.

SFO på gardsbesøk på Ulltveit Gard i Gjerstad

Det vart ein uforgløymeleg dag då 12-15 små nyfikne gjersdølinger sist veke var på gardsbesøk hjå Knut Erik Ulltveit. Inne i den satslege driftsbygningen venta meir enn 140 storfe. Brått og uventa vart småtrolla vitne til at ein ny gjersdøling, ein ny kalv, kom til verda. Dei gløymer det aldri.

Ungdomen satsar friskt i Sirdal

Det vart ein festdag i den vesle grenda Skogestad, heilt sør-vest i Sirdal kommune, då 25 år gamle Andreas Liland inviterte til synfaring i det nye fjoset heime på garden. Meir enn 100 gjestar, ordføraren og den lokale bondelagsleiaren medrekna, let seg imponere av den unge gardbrukaren.

Årsmøte 2018 - Sjå årsmeldinga her

Aust-Agder Bondelag og Vest-Agder Bondelag skipar til årsmøte på Scandic Sørlandet Hotell i Sørlandsparken. Datoen er den 12. mars. Kvar einskild utsending skal no ha motteke både innkalling og aktuelle sakspapir i posten.

- Uforklarlige fenomener som subsidier og importvern innen landbruket

Det var ein leiarartikkel i "Agderposten" i forrige veke som fekk den tidlegare fylkesleiaren i Aust-Agder Bondelag, Erik Fløystad, til å reagere kraftig. Når redaktøren jamsteller uforklarlege kornsiklar med importvern og subsidiar - ja då smell det i tastaturet på austsida av Molandsvatnet.

Om dyrevelferd

Alle husdyrbønder har ansvar for dyras velferd på egen gård, skriver bondelagsleder Lars Petter Bartnes i en epost til organisasjonens tillitsvalgte.

Haust i høgfjellet

Fylkesveg nr 337, mellom Brokke i Setesdal - og Suleskar i Rogaland. I vinterhalvåret godt gøymd under fleire meter med stuttreist snø. Berre framkomeleg for reinsdyr, harepus - og ein og annan setesdøl med skuterløyve i lomma - og hytte i fjellheimen.

Klar for ein ny periode

Han er rimeleg fersk i førarsetet for Aust-Agder Bondelag. Knut Erik Ulltveit, storbonden frå Gjerstad, har nyleg gjeve valkomiteen melding om at han stiller seg positiv til å halde fram som fylkesleiar.

Dei tek attval - båe to

Heile leiartrioen i Norges Bondelag stiller til attval i 2018. Det same gjer leiaren i Vest-Agder Bondelag, Tor Erik Leland. Årsmøte i Vest-Agder Bondelag vert skipa til den 12. mars. Då fell domen. Den endelege.

Framoverlent, eller bare lutrygga

Den norske bonden har god erfaring i å være framoverlent, og da særlig vestlandsbonden. Alle som har prøvd å bære tunge bører i bratte motbakker vet at dette ikke er tida for å være rak i ryggen.

Sørlandssamlinga 2018

Takk til arrangørane, takk til gjestane - takk til kvar einskild. Sørlandssamlinga 2018 vart som venta ei vellukka høgtidsstund. Ei vellukka samling for bøndene på Agder - og ei triveleg helg for deira næraste pårørande. Neste år vert det garantert skipa til ein hei-dundrande jubileumsfest.

Helsing frå Løvebakken

Kjell Ingolf Ropstad - stortingsmann frå Aust-Agder, nestleiar i KrF og medlem av finanskomiteen sende oss denne trivelege helsinga for få dagar sidan. Medan Erna og Siv legg siste hand på regjeringskabalen he Kjell Ingolf teke på seg heilt andre arbeidsoppgåver. I heimen.

Heime hjå Gunn Elise og Torbjørn

- Velkomen til gards. Den sprudlande og særs trivelege mjølkebonden Gunn Elise Helle, på Garden Sagebakken - på Konsmo, stend i fjosdøra og ynskjer den omstreifande bladfyken hjarteleg velkomen inn i varmen. Inne i skålen kjenner eg eimen av nybaka stomp - og rykande varm traktekaffe. Gunn Elise rusler rundt på sokkeleisten. I fjoset.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere