Haust i høgfjellet
Fylkesveg nr 337, mellom Brokke i Setesdal - og Suleskar i Rogaland. I vinterhalvåret godt gøymd under fleire meter med stuttreist snø. Berre framkomeleg for reinsdyr, harepus - og ein og annan setesdøl med skuterløyve godt gøymd i baklomma på kjeledressen.
Tidleg på hausten, i byrjinga av september, vart bondelaget sin lokale bladfyk
beden med på ei fantastisk oppleving i dette ville og aude landskapet.
Tett attmed Roskrepfjorden, 929 meter øve havflata, møttes jærbuer,
venndøler og setesdøler til venskapeleg fordeling av tusenvis av sau
som denne dagen var på veg heim frå fjellbeite.
Ein minnerik dag.