Årsmøte 2018 - Sjå årsmeldinga her

Aust-Agder Bondelag og Vest-Agder Bondelag skipar til årsmøte på Scandic Sørlandet Hotell i Sørlandsparken. Datoen er den 12. mars. Kvar einskild utsending skal no ha motteke både innkalling og aktuelle sakspapir i posten.
Den merkantile avdelinga på Agderkontoret kan melde om god påmelding til årsmøtet, og dei aller fleste av dei 28 lokallaga på Agder vert såleis representert i tingsalen. Kring 60 utsendinger og gjestar er påmelde.
Dagen tek til med at dei to fylkeslaga skipar til kvart sitt årsmøte - før både aust-egder og vest-egder samlast til venskapeleg samrøre, under same tak, noko seinare på dagen.
Her vert det ei landbrukspolitisk innleiing med tilhøyrande ordskifte, frie vitnesbyrd og høgtideleg generaldebatt.
Hovudtema denne ettermiddagen vert:
- Den landbrukspolitiske situasjonen
- Rovdyr
- Organisasjonsprosess i Norges Bondelag.
Norges Bondelag vert representert ved styremedlem Einar Frogner:
Ein kan samstundes nytte høvet til å nemne at båe dei to fylkesleiarane, Knut Erik Ulltveit (Aust-Agder) og Tor Erik Leland (Vest-Agder) he sagt seg viljuge til å halde fram i sine verv.
Dette avgjer Årsmøtet ei eller anna gong i løpet av føremiddagen - måndag den 12. mars.
Årsmelding Aust-Agder
Det er den vidgjetne grindølen Søren Seland ( t.v. ) som held i klubba, og styrer ordet,
når vest-egdene samlast til årsmøte i Bondelaget.
Sundt bondevet - og lang røynsle innan faget
er eit godt utgangspunkt for denne viktige og ansvarsfulle jobben.
(foto:øystein moi )