Heidersmannen frå Froland, Nils Olsbu, var ordstyrar for møtelyden
tilhøyrande Aust- Agder Bondelag.  (foto: øystein moi )

 

Årsmøta gjekk føre seg på Scandic Hotell i Sørlandsparken.
I den fyrste bolken hadde kvart fylkeslag sine eigne årsmøte - og sat såleis i kvar sin møtesal.
Etter ei kraftig matøkt var det tid for samling i plenum. Alle egder under same tak.

Hovudtalar var storbonden frå Hamar, og styremedlem i Norges Bondelag, Einar Frogner.
Han heldt eit engasjerande foredrag om både rovdyrpolitikk, om mjølkekvoter,om dei komande jordbruksforhandlingene - og om organisasjonsarbeidet i Norges Bondelag
Eit aktuelt spursmål no om dagen er kva som vil skje med dei ulike fylkeslaga når talet på fylker vert kraftig redusert i detta landet.
Norges Bondelag er ein sterk og veldreven organisasjon med meir enn 63 000 medlemmer. Ein finn vonleg ei grei løysing på dette etter kvart. 

Gjerstad Bondelag vart kåra til "Årets lokallag " i austfylket -  medan Åseral Bondelag, under leiing av den venesæle gardbrukaren Halvard Forgard, vart heidra som beste lokallag i vestfylket.

 


Veteranane, dei godt vaksne gutane, var hjarteleg tilstades. Roar Dokmo (t.v.) er 
æresmedlem i båe fylkeslaga - medan Odd Mæland er æresmedlem i Vest-Agder Bondelag.
(foto: øystein moi )

 


Gode vener. Båe  to med stort engasjement i den nasjonale bonderørsla.
Båe to med eit varmt hjarta for landbruket. Det norske.
Åge Gyland og Birte Usland.
(foto: øystein moi )

 


Storbonden frå Dåsvannsdalen, Gunnar Bjørndal, vart storvegs fornøgd då han fann ein
elektrisk kaffemaskin ute i gonga. Bjørndal hadde brøyta tung nysnø heile nåtta
og var såleis avhengig av ein kruttsterk styrkedrope for å halde seg vaken.
Han klarte seg godt. 
(foto: øystein moi )

 


Nils Olsbu, ordstyraren, gratulerte Ulltveit med fornya tillit som fylkesleiar og øverkte
ein fargerik blomebukett som ei velmeinande påskjøning. På vegne av heile møtelyden.
Samrøystes vedteke.
(foto: øystein moi )

 


Mjølkebonden frå Åraksbø, Olav Lidtveit, he lang fartstid som styremedlem i Aust-Agder Bondelag.
No er ei epoke over. Olav tek ei velfortent pause. Yngre krefter tek sete kring styrebordet.
Olav - ein umåteleg kunnskapsrik mann. Båe føtene solid planta på jorda. 
Takk for innsatsen Olav. Me vil sakne deg på styremøta men vonar du stikk innom på
Agderkontoret når du stundom er på handletur til byen. Du er allstøtt velkomen.
(foto: øystein moi )

 


Guro Hem Vevstad mottok fagre ord og tilhøyrande gåvesjekk for "Årets lokallag"
i Aust-Agder. Prisutdelar var Marit Gunn Tveit frå Lillesand. Nestleiar i fylkesstyret.
(foto: øystein moi )

 


Ingen fylke i heile landet verva fleire nye medlemmer til Bondelaget enn Aust-Agder.
Denna gjengen, verveutvalet, skal ha ei stor ære for den innsatsen.
Takk for innsatsen. Knut Erik Ulltveit, Marianne Goderstad og Frank B. Sigvaldsen.
(foto: øystein moi )