Når vårsola varmar, når sporsnøen forsvinn og når det lauvast i li - då tek Jørund med seg ein  del av buskapen og dreg til fjells. Slik held han tradisjonane i hevd. Slik utnytter han beiteressursane på ein framifrå måte. Dette med å sende buskapen til fjells er ei ordning Jørund vonar å kunne utvide - men så langt er vel dette meir for eit forsøksprosjekt å rekne. Med seg på dette "prosjektet" he han sin gode ven, mjølkebonde og sambygding Olav Haugetveit. To framifrå gardbrukarar. Byglendinger og setesdølar av aller beste slag.



Beiteslepp. Dei fleste av dyra gjeng framleis på beite heime på garden. ( foto: privat )

 


Til fjells  (foto: privat )

 


Morgonsol  (foto: privat )

 


"Gamlegofa"   (foto: privat )

 


Sanking av kveg frå utmark   (foto: privat )

 


På heimveg.      (foto: privat )