Ungdomen satsar friskt i Sirdal
Det vart ein festdag i den vesle grenda Skogestad, heilt sør-vest i Sirdal kommune, då 25 år gamle Andreas Liland inviterte til synfaring i det nye fjoset heime på garden. Meir enn 100 gjestar, ordføraren og den lokale bondelagsleiaren medrekna, let seg imponere av den unge gardbrukaren.
Ordførar Thor Jørgen Tjørhom og Andreas Liland.
Dette skreiv ordføraren på si Facebookside:
- Andreas Liland inviterte til åpning av nytt ammekufjøs.
Han har virkelig stått på for å få til denne etableringen.
Det er særs gledelig at ungdommen satser noe utradisjonelt i
vakre Virak.
Bygdefolk og leverandører møtte flittig opp og ble trakter
med grillmat og kaffe. Andreas hadde en fin framføring
foran en lydhør forsamling og vi fikk en utfyllende orientering
om tiltaket, fra oppstart til nå bygget står ferdig.
Vi ønsker Andreas lykke til med driften!
Fjosbygningen he ei grunnflate på 1034 kvm - og sluttrekninga for
heile stasen ligg truleg på ein stad mellom 5 - 6 mill. kroner.
Her er det husrom for omlag 40 mordyr - og omtrent like mange slaktedyr.
Andreas Liland he all grunn til å vere stolt av sitt eige "rulleblad."
Eit veldreve gardsbruk,
nytt fjos - og både gardkjerring og odelsjente på plass.
Aktiv i det lokale bondelagsarbeidet - og utsending til årsmøte i Vest-Agder Bondelag.
Ljost og triveleg..
Dei kan vel ikkje ha det stort betre enn i ny-fjoset til Andreas..
Det vart folksamt på gardstunet. Sjølv vergudane var i godlag denne dagen.
Ekte bondekost. Stuttreist, næringsrik og velsmakande.
Mange skodelystne. Både ute - og inne.
Dei avslutta folkefesten med eit velfortent måltid. I fred og ro.