Me er på heimegarden til Torbjørn Helle (50). På mange måtar det me vil omtale som eit vanleg sørlandsk småbruk. Den dyrka marka famnar omlag 70 da - og mykje av produksjonen er avhengig av lett tilgjenge på god - og mykje leigejord. For ekteparet Helle sin del så talar me difor om eit samla grasareal på kring 500 da.
Det aller meste er stuttreist gras, og alt areal ligg innanfor ein radius på snaue fire kilometer.

Det var full produksjon på garden då Torbjørn og Gunn Elise tok øve drifta i 2004. Mjølkekvota den gong var på 70 tonn, og driftsbygningen var på ingen måtar eigna for store driftsendringer - og auka dyretal.
Dette var i ein tidsbolk då det på fleire måtar hang nokre myrke skyer på himmelkvelven - trugande skyer øve norsk landbruk, og norsk matproduksjon.
Løysinga vart å leige både driftsbygninger og mjølkekvote i grannelaget.
Slik bygde dei opp ei berekraftig og framtidsretta verksemd. Stein på stein. Sjølvstendig næringsdrivande med fullt fokus på både økonomi, trivsel og ein meiningsfylt kvardag.
I bakhovudet hadde dei båe to ein våt drøym om ny driftsbygning, auka besetning - og ein moderne arbeidsplass for heile familien. Ein kombinasjon, og ei salig blanding av hobby, trivsel  - og eigen arbeidsplass.
Fullt mogleg - men sjølvsagt eit kraftig økonomisk lyft. 
I 2010 kunne dei take i bruk det nye fjoset. I dag er her tumleplass for 50 mjølkekyr, og 70-80 andre firbeinte vener av ulik slag - og ulik storleik.

 


Frå det romslege kontoret he Torbjørn og Elise full kontroll på kva som skje på hi sida av vindaugsglaset. I fjoset. Datamaskinen gjev jamnleg melding om det aller meste, både gode - og mindre gode meldinger. Her kan dei fye med på både mjølking, foring og brunst. Viktige faktorar i ei moderne produksjonsverksemd. (foto: øystein moi )

 

Torbjørn, meir talefør enn dei aller fleste av oss, stikk hovudet innom kjøleskåpet. Etter morgonstellet smakar det himla godt med ei stompeskjeve, med brunost, i kjøkkenkroken.
Torbjørn - ein umåteleg triveleg og venesæl kar.
Gunn Elise he sine klåre meininger om norsk landbruk, norsk landbrukspolitikk - og ikkje minst om den norske landbruksmodellen.
I mange år he ho vore tillitsvald i Tine - og i dag sit ho, som ein av totalt 24 personar, i det som vert kalla "Rådet" i dette enorme konsernet.
- Dette er eit verv, og ein posisjon, som he lært meg ufatteleg mykje om denne viktige næringa som eg sjølve er ein del av.
Ja - som samvirkebonde så er eg og medeigar i Tine, og kan gjennom min posisjon ofte vere tilstades i dei lukka styreroma kor dei viktige avgjerslene til ei kvar tid vert tekne. Viktige vedtak som gjeld "mi eiga verksemd". Tine.
Viktige avgjersler, viktige vedtak som gjeld mjøleprodusentar i heile vårt langstrakte land.
Gjennom min plass i Rådet representerer eg ikkje berre bøndene på Konsmo, i Audnedal eller i Agder - nei då representerer eg mjøleprodusentene i heile kongeriket. Setesdal og Åseral medrtekna.


Det er så umåteleg viktig at me i dag kan ha flotte, engasjerte og dugande mjølkebønder frå Alta i nord - til Lindesnes i sør. Viktig for næringa vår. Viktig for landet vårt. Eit klassisk døme på at den norske modellen er  rett - og ikkje minst velfungerande. Landbrukssamvirket er, utan atterhald, ein av dei viktigaste berebjelkane i det norske landbruket i dag. Ein av føresetnadane for at me nettopp kan ha eit landbruk over heile landet. Levande bygder - og ikkje minst eit velstelt og innbydande kulturlandskap. Ljos i stoveglaset, frå hav - til hei.
Heile året.

 



Foto: øystein moi

 

Eg let spursmålet henge i lufta eit bel. Svaret kjem likevel toleg raskt. Truleg he dei svart på - og tenkt på dette ved fleire tidlegare høve.
- Vert dykk aldri lei av kvarandre - og vert det stundom krangel og høgt lydnivå i fjoset når dykk gjeng slik i hælane på kvarandre frå tidleg morgon - til seine kvelden. Kvar dag, kvar veke - heile kalenderåret.
Torbjørn ser bort på kjærasten. Dei smiler til kvarandre. Dei blunkar til kvarandre. Bladfyken he fenge svaret han er ute etter.
- Me er vel som folk flest. Som ektepar flest. Når utgangspunktet er ein felles arbeidsplass kor me båe to trivast så himlnde godt - ja då går det bra.
Her har me kvar våre arbeidsoppgåver - kvart vårt ansvarsområde.

 


Medan Gunn Elise stend på kjøkkenet, i fjoset, og førebur varm lunch til seg sjølve og til Torbjørn - så helsar ho høfleg på "budeia", mjølkeroboten, som i seitt eige tempo sklir forbi kjøkkenvindauget. - Det er travelt å mjølke 50 kyr - morgon og kveld, seier Gunn Elise medan ho fyrer opp steikepanna og kaffekjelen. Framleis på sokkeleisten. Ikkje eit heilt vanleg fjos, spør du meg.( foto: øystein moi )

 

Samfunnet, storsamfunnet - og landbruksnæringa har vore, og er framleis i stor endring. Det er difor umåteleg viktig at den norske bonden til ei kvartid kan omstille seg - og innrette seg etter nye krav. Innrette seg etter ei ny tid.
- Dette he bøndene i Noreg klart på ein framifrå måte, seier Torbjørn og er både stolt og glad på vegne av sine yrkesbrødre. 
- Me er sjølvsagt fullstendig klåre øve at i ein europeisk samanheng så er det norske landbruket eit småskala -landbruk.
Samstundes klarar me å produsere noko av den reinaste, beste og mest næringsrike maten på heile jordkloda. Dette set kundane våre, forbrukarane, stor pris på. Dette er truleg og ein av årsakene til at statusen til den norske bonden er på stigande kurs i heile samfunnet.
Forbrukarane set pris på ærleg og godt handtverk. God mat - og norsk mat.


I den trivelege stova på fjosloftet er det god utsikt til kyrne, til kalvane - og til budeia / mjølkeroboten. (foto: øystein moi )

 


Foto: øystein mo

 

Hausten er på veg til Konsmo slik han er dei fleste andre stader på noregskartet. Plenklypparen er parkert i uthuset, slåmaskinen er parkert under tak, vinterdieselen er bestit - og vesalt bjørkelauv teiknar sin eigen fargepallett på gardstunet på Sagebakken.
Snart vil huskatten setje sine mjuke spor i nysnøen. Attmed uthusveggen.
Torbjørn finn fram vinterskorne.
Dei gamle velbrukte sandalane, dei han kjøpte på medlemstilbod på samyrkjelaget i fjor til syttande mai, høver seg ikkje lenger som transportmiddel mellom sethuset - og uthuset.
I nysnøen.

Hjå familien Helle, to vaksne - og fire born, vert det likevel ikkje skikkeleg jol før heile familien he flytta inn i fjoset. Flytta opp på fjosloftet.
Dette skjer før fyrste sundag i advent - og opphaldet varer fram til vesle jolekvelden. Ja stundom he dei og feira sjølvaste jolekvelden her i fjoset.
Her er ei romsleg og stor stove, parkett på golvet og lysekrone i taket. Her er både langbord , småbord, skinnstolar og eige soverom.
- Her samlast ungdomen til festleg lag. Her ser dei fotballkamp på storskjerm - og her samlast dei til trivelege kveldar etter strevsame dagar på skulebenken.
Fjoset på Sagebakken har vorte ein samlingsplass for store og små. For folk og fe. I kvardag og fest. 
I fyrste høgda produserer Gunn Elise og Torbjørn 450 tonn med heilmjølk av aller beste slag. I fyrste høgda steiker dei kortreist pizza, egg og bacon - medan ungdomsgjengen sit på fjosloftet og ventar på neste måltid.
Ungdomen på Konsmo trivast i fjoset. Ikkje til å undrast over.
- Dette må vel kunne kallast for vellukka rekrutteringsarbeid, seier Torbjørn med eit lurt smil.

Det blinkar i EDB-maskinen. Gunn Elise festar augo på ei noko uskjøneleg talrekkje nedst på skjermen. Det er ein av kalvane som vil ha meir kraftfor. 
Ho kastar eit raskt blikk mot ektemannen. Han skjønar språket. Dei he kvar sine arbeidsoppgåver, bøndene på Sagebakken.
Torbjørn vert borte frå kjøkkenkroken - han vert verande eit bel i fjoset. I nærleiken av kalvebingen.
Me ser det gjennom kjøkkenglaset. I fjoset.
 


Når dei ikkje bur i fjoset - så bur dei her. Gunn Elise, Torbjørn, huskatten - og dei fire ungane. (foto: øystein moi )