Nyheter

Verva 20 nye medlemmer

Ingen tvil om at Tor Arne Liland he travle dagar. Denne stillfarne og venesæle byggmeisteren, sauebonden og forretningsmannen frå Tonstad i Sirdal er på mange måtar eit funn for bonderørsla. Lokallagsleiar i Sirdal Bondelag - og fast sete i fylkesstyret i Vest-Agder Bondelag. Denne morgonen kom så meldinga om at Tor Arne dei siste dagana he verva 20 nye medlemmer til Bondelaget.

Takk for trivelege dagar

Leiarmøte og nettverkssamling - to dagar, og ein triveleg kveld, er til ende. Bønder, byråkratar og representantar for samarbeidande organisasjonar var fredag og laurdag samla då bondelaga på Agder inviterte til bordsete på Scandic Hotell i Sørlandsparken. Ein fantastisk gjeng.Samhold, optimisme og godt humør oppsummerar det meste. Fagleg påfyll, friskt ordskifte - og ord til ettertanke. Takk til kvar einskild. Takk for stunda.

Haust i Sirdalsheiene

Naturen er på sitt aller vakraste. Klåre og sterke haustfargar. Dei blå gradane legg eit mjukt og kvitt slør øve myr og fjell i tidlege morgontimar. Snøen er ikkje langt unna. I Sirdal he Tor Arne Liland, og kona Tove, vore på høgfjellet og henta heim dei siste sauene. Bileta talar sitt eige språk. Utan ord og dobble konsonantar.Utan punktum. Det er på slike dagar det er ekstra gildt å vere sauebonde.

Velkomen til Sørlandssamlinga

Gode foredragsholdarar, topp stemning, musikk og dans - og sjølvsagt ein solid porsjon med fagleg påfyll. Tida er mogen for å melde seg på Sørlandssamlinga. Jon Leif Eikaas vert ordstyrar - og hovudkomiteen melder om alt er under kontroll. Det vert garantert eit himla liv når meir enn 300 bønder, frå heile Agder, samlast under same tak.

Asfalt i matfatet - eller hva skjer med matjorda vår

Nationen, Bondlagene på Agder, MDG i Kristiansand og Sabla bar inviterer til ett av kalenderårets aller viktigste debattmøter. Hva skjer egentlig med matjorda vår i sammenheng med tidenes største veiutbygging på Sørlandet. Opprusting av både E 18 og E 39.

Rekord for Åpen Gård i jubileumsåret!

Over 100 000 har tatt turen innom Åpen Gård i år. Det er besøksrekord for arrangementet som i år feirer 30-årsjubileum! Også på Agder meldes det om god oppslutning på de ulike arrangementene. Takk til alle dere som år etter år legger ned en enorm dugnadsinnsats i forbindelse med Åpen Gård. Vår beste ambassadører. Våre trofaste samarbeidspartnere.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere