700 personar på gardsbesøk på Heddeland.
Eigentleg ville me setje opp nytt fjos med trevirke som byggemateriale - men reknestykket synte raskt at dette ville forlenge byggeperioden med bortimot eit heilt år, og prislappen vart brått 1,5 millionar høgare.Me er strålande nøgde med resultatet. 19. oktober tok Sjur og Kari i bruk det nye fjoset. Sist helg var det folkefest - eller folkevandring om du vil. I fjoset på Heddeland. "Åpent fjøs" samla meir enn 700 skodelystne.
Kari er oppvaksen her på garden. Sjur, eller drengen som han sjølv kallar seg, kom inn i bilete på eit langt seinare tidspunkt. På ein heilt naturleg måte. Kjærleik.
Garden femner omlag 500 da - men berre 50-60 da av dette er å rekne som dyrka mark. Med ei mjølkekvote på 220 tonn seier det seg sjølve at matfatet må fyllast med gras frå stort sett heile grannelaget.
- Me leiger jord på totalt 15 ulike gardsbruk rundt i kommunen, seier Sjur og stadfester at det vert mange timar - og mange kilometer i traktoren når grovforet skal i hus.
Det aller meste i dette fjoset er heilautomatisert. Foring, mjølking og reingjering.
Arbeidsviljuge robotar ordnar opp i det aller meste. (foto: øystein moi )
Kari he god øvesikt til både kyr, kalvar og robotar frå skinnsofaen på kontoret i 2. høgda.
(foto: øystein moi )
Det vert lange og strevsame dagar, seier Sjur, men er likevel glad for at maskinane
he teke over mykje av det tyngste arbeidet. Før lempa eg ofte 2-3 tonn med silofor
kvar dag - og trillebåra var den viktigaste fylgjesveinen i fjoset.
I dag tek maskinane seg av slikt. Sjølv om bilete talar sitt eige språk -
så vert det vel likevel noko drygt å kalle Sjur for "sofabonde". Eg tek sjansen likevel ..
(foto: øystein moi )
Det er reint, ryddig og triveleg i driftsbygningen på Heddeland. Golvet er grønmåla
og blankt. Det er ljost og triveleg - og god ventilasjon syter for at fjoslukta er bortimot
fråverande. Grunnflata på heile bygningsmassa er 1500 kvm.
Me tek bordsete i kaffekroken. To stolte gardbrukarar, Kari og Sjur, fortel innlevande
om både planleggjing, byggeprosess, det daglege livet på garden - og ikkje minst om
dei ulike tekniske løysingene som gjer kvardagen i fjoset både lettare og trivelegare.
Ein raudmåla "koloss" kjem brått farande bortetter fjosgolvet - med stø kurs mot både
bladfyken og kaffebordet.
- Slapp no av, seir Sjur og ler så det ljomar i betongkonstruksjonen på hi sida av forbrettet.
- Han skal berre ut i skålen og hente meir for til kalvane, i binge nr 6 .....
Her kjem han, den ildraude jækelen. Roboten er på veg ut i skålen for å hente
meir mat til kyrne. (foto: øystein moi )
Eit pilotprosjekt. For fyrste gong, i heile verda, er det montert eit slikt heilautomatisk
foringsanlegg. Maskinen til høgre er ein for - blandar, i midten ein rundballekuttar og
heilt til venstre er maskinen som henter, transporteter og fordeler foret inne i fjoset.
Alle maskinane kommuniserer med kvarandre. Dei he sitt eige språk. Ein eigen dialekt.
( foto: øystein moi )
Roboten tek seg jamnleg nokre turar fram - og attende på forbrettet og sjekker kor
mykje gras som ligg framføre kvar binge. Når noko manglar så er han rask med å
hente ei ny ladning. Roboten henter grovfor 6-8 gonger kvar dag.
( foto: øystein moi )
Det einaste som ikkje er styrt av robotar i fjoset hjå Kari og Sjur - er kaffetraktaren.
- Når du kjem attende neste gong, seier Sjur, så er eg heilt sikker på at eg skal ha
lært opp roboten til å servere både traktekaffe og nysteikte vafflar.
Takk for gjestfridomen. Takk for besøket. Eg kjem gjerne attende.
( foto: øystein moi)
foto: øystein moi