Inn på tunet

  • Tips en venn om denne siden

Inn på tunet-gården Sand i Enebakk.

Inn på tunet (IPT) er landbrukets tilbod om velferdstenester. Tenestene blir utvikla av bønder i  nært samarbeid med dei som kjøper tenestene

Viktigaste tenesteområde for IPT:
- Oppvekst og opplæring: allmennpedagogikk, spesialpedagogikk, fritid
- Arbeid: arbeidstrening og rehabilitering
-  Helse og omsorg: rus, funksjonshemming, psykisk helse, demens m.m.

Om lag 400 godkjende Inn på tunet-gardar over heile landet gir i dag tilbod om meiningsfulle og praktiske oppgåver, fysisk aktivitet, stimulerande sanseopplevingar i natur, kontakt med dyr, årstidssyklusar, måltid og fellesskap for ulike deltakarar.

Tilbod for dei fleste

Inn på tunet-tilbodet kan tilpassast alle nivå og aldrar. Dei fleste tilboda er retta mot oppvekst og opplæring, arbeid og arbeidstrening, helse og omsorg. Til dømes for personar med funksjonshemming, psykiske helseproblem, rusproblem eller demente personar som treng dagaktivitetstilbod. I tillegg tilbyr Inn på tunet tenester innanfor integrering av innvandrar og flyktningar, kriminalomsorg og førebygging.

Inn på tunet følgjer denne definisjonen:

Inn på tunet er tilrettelagde og kvalitetssikra velferdstilbod på gardsbruk. Tilbodet skal gi meistring, utvikling og trivsel. Gardsbruk er ein eigedom som vert brukt til jord-, skog, eller hagebruk. Aktiviteten i tenestetilbodet er knytt opp til garden, livet og arbeidet der.

Norges Bondelag og vårt fagutval for Inn på tunet sto sentralt i arbeidet med å formulere denne definisjonen,. Formålet er å sikre at Inn på tunet skal vere ein del av det aktive landbruket og skje på gardsbruka.

Norges Bondelag tok initiativ til å etablere ei eiga godkjenningsordning for å kunne kalle seg Inn på tunet-gard. Godkjenningsordninga er blitt ein del av det samla kvalitetssystem i landbruket, KSL. Stiftinga Matmerk har ansvaret for å godkjenne IPT-gardane etter dette systemet.

Meltvedt gård i Skien har vært Inn på tunet-gård i 12 år.

Har etablert eige samvirke

Kommunane, NAV og andre offentlege instansar etterspør stadig fleire tilbod og større breidde. Det er ei stor utfordring for landbruket å møte dette i anbodsrundar og i konkurranse med store kommersielle aktørar på velferdsområdet. For å styrke IPT-bonden i denne  konkurransen har Norges Bondelag vore med å etablere eit landsdekkjande samvirkeselskap for Inn på tunet: IPT Norge SA. IPT Norge er eigd av regionale IPT-samvirke, der bønder går saman om sals- og marknadsarbeid. Norges Bondelag har gått inn med ein eigardel i IPT Norge og Brita Skallerud er nestleiar i styret.

Norges Bondelag vil:

  • Rekruttere nye tilbydarar og gjere IPT kjent blant aktuelle kjøpargrupper.
  • Utvikle forpliktande og  forretningsmessig samarbeid mellom IPT-tilbydarar for å tilby gode tilbod til kjøparane og for å vinne fram i anbodsrundar.
  • Vedlikehalde og styrke godkjenningsordninga for IPT i takt med krav frå kundane.
  • Tilpasse og forenkle lovar og reglar som styrkar IPT som alternativt tenestetilbod.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
18
Januar

Kornkonferansen

Oslo Kongressenter
Mandag
06
Februar

AU-møte

Tirsdag
07
Februar

Styremøte

Våre samarbeidspartnere