MRSA

  • Tips en venn om denne siden

Gris

Noreg er det første landet i verda som har sett seg mål om å halde den antibiotikaresistente bakterien MRSA borte frå svinebesetningar. Det er viktig for folkehelsa.

Fakta om MRSA:
- I ei kartlegging av MRSA hos gris i alle EU-landa samt Sveits og Noreg i 2008, vart det påvist MRSA hos gris i 17 av 24 land.
- Den gjennomsnittlege andelen positive besetningar i heile EU var 26,9 prosent.
- I Spania, Tyskland og Belgia var andelen mellom 35 og 50 prosent.
- I Danmark er det funne MRSA-smitte i to av tre besetningar, etter at fleire hundre svinebesetningar vart testa for MRSA i 2014.

MRSA, eller LA-MRSA som er det fulle namnet, er ein variant av antibiotikaresistente gule stafylokokkbakteriar som etablerer seg lett hos dyr. At bakteriane er antibiotikaresistente betyr at dei har utvikla motstand mot fleire typar antibiotika som blir brukt for å behandle menneske og dyr.

Norges Bondelag meiner at erstatningsordningane for bønder som blir pålagt sanering ikkje er gode nok i dag.

Høgt forbruk av antibiotika fører til auka motstand mot antibiotika hos bakteriane. Høgt antibiotikaforbruk kan også bidra til at MRSA lettare blir etablert og spreidd i ei besetning. Det blir brukt svært lite antibiotika i norsk husdyrhald, og dei antibiotikaresistente bakteriane som er funne i norske svinebesetningar, kjem via smitte frå menneske.

Ikkje ein dyresjukdom

MRSA er ikkje ein dyresjukdom, men dyr kan vere berarar av bakteriane og smitte over til menneske. Dyreassosiert MRSA spreier seg mellom besetningar ved flytting av dyr, men kan også bli spredd via personar og forureinsa gjenstandar, inkludert dyrebilar. Smitta spreier seg ikkje frå dyr til menneske via kjøtt og kjøttprodukt.  Bakterien gir sjeldan sjukdom hos dyr og friske menneske, men kan gje alvorlege infeksjonar hos menneske med svekka helse.

MRSA hos gris er svært vanleg i mange land. I Danmark er det funne MRSA-smitte i to av tre besetningar, etter at fleire hundre svinebesetningar vart testa for MRSA i 2014. Ved funn av MRSA i norske svinebesetningar blir det pålagt sanering. Bonden får utbetalt erstatning dersom Mattilsynet pålegg sanering. Det blir utbetalt erstatning for dyr som blir pålagt avliva, og for utgifter ved å fjerne smittestoff frå garden. Berre ein liten del av produksjonstapet blir erstatta.

Sjeldan i Noreg

MRSA vart oppdaga i Noreg første gong i 2011, på eit slakteri. Første gong bakterien vart påvist i ei norsk svinebesetning var i 2012. Etter at det vart avdekka fleire tilfelle av smitte i 2013 og 2014, vart det i 2014 gjennomført eit stort overvakingsprogram der alle purkebesetningar med ti eller fleire dyr vart testa. Av nesten 1000 besetningar vart det berre funne eitt tilfelle av smitte.

Norges Bondelag meiner at erstatningsordningane for bønder som blir pålagt sanering ikkje er gode nok i dag. Dersom det blir påvist smittestoff i eit fjøs utan dyr er bonden nøydd til å sanere for eiga rekning, og det kan bety å ta kostnader i millionklassen. Det er heller ikkje tilstrekkelege erstatningsordningar for produksjonstap ved sanering.

Norges Bondelag meiner:

  • Norges Bondelag støttar fullt ut styresmaktene sin strategi om å nedkjempe LA-MRSA i norsk svinehald, men styresmaktene må ta sin del av rekninga. 
  • For å lukkast med å halde MRSA ute av norske svinehus, er vi avhengig av gode og føreseielege erstatningsordningar for bonden som tar dette samfunnsansvaret.
  • Sidan LA-MRSA ikkje  påverkar produksjon, dyrevelferd eller kjøttkvaliteter ein dyresjukdom, så skal staten dekke alle kostnader og tapte produksjonsinntekter som svineprodusentane har når det blir fatta vedtak om sanering på grunn av påvist LA-MRSA i besetninga. Det betyr at staten dekkar kostnadene dei første 12 månadane.
  • Utrekninga av erstatning i slike saker tar vanlegvis svært lang tid. Derfor må det etablerast reglar og standardsatsar for forskotssutbetaling, slik at bøndene som blir råka unngår likviditetsproblem.
  • Bonden må også få erstatta produksjonstap frå den dagen det blir gitt pålegg om sanering.

Relaterte artikler

mat

Mattilsynet: Norsk mattrygghet på topp

- Maten i Norge er blant den tryggeste i Europa, dette slår Mattilsynet fast i sin årsrapport for 2015. De roser også dyrevelferdsarbeidet i kyllingproduksjonen.

Foto: Frida Meyer

For lav MRSA-erstatning

Bøndene som slakter griser smittet med MRSA, gjør dette for å hindre smitte til folk. Da må samfunnet ta kostnaden.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
18
Januar

Kornkonferansen

Oslo Kongressenter
Mandag
06
Februar

AU-møte

Tirsdag
07
Februar

Styremøte

Våre samarbeidspartnere