Nyhende frå Vestland Bondelag

Krav om tvungen grunneigarorganisering i lakseførande vassdrag

På nyleg avhelde fiskeseminar i Førde, hadde Ingar Aasestad frå Norske Lakeseelver innleiing der han stadfesta at frå 2015 er det krav om tvungen grunneigarorganisering for dei med fiskerett i lakseførande vassdrag.

Satsar på garden som ressurs

Kjersti Toppe frå Senterpartiet besøkte Inn på Tunet-bonde Solveig Lilletvedt for å sjå kva ho som stortingspolitikar kan bidra med på feltet Inn på Tunet og psykisk helse.

Ingen nye signal frå Ministeren

- Det var ikkje uventa at Landbruks- og Matminister Sylvi Listhaug hadde lite konkret å kome med på sitt besøk i fylket tysdag, seier fylkesleiar i Bondelaget Per Hilleren

Bønder er viktige for den lokale beredskapen

- Det er godt å sjå at bønder stiller opp og er ein viktig del av beredskapen kring i bygdene våre, seier fylkesleiar Per Hilleren. Sist vart dette synleggjort gjennom innsatsen som fleire bønder i Lærdal gjorde i samband med den tragiske brannen som råka bygda sist helg.

Nei til oppheving av priskontroll ved omsetjing av konsesjonspliktig landbrukseigedom

Styret i Sogn og Fjordane Bondelag har handsama høyringssak om avvikling av priskontroll for omsetjing av konsesjonspliktig landbrukseigedom. Styreleiar Per Hilleren seier at styret var samstemt om at ein må behalde prisreguleringa som eit kommunalpolitisk og landbruksfagleg kriterium i konsesjonslova.

Regionmøte på Voss

I Rongastovo på Bordalen, Voss, vart det eit spesielt regionmøte med hytteidyll for dei som tok turen opp på fredag.

Landbruket ER ei viktig næring

- Bondelaget er sjølvsagt villige til å sjå på andre løysingar, men endringane må ha rot i verkelegheita, skriv lokallagsleiar Lars Inge Vik i Os og Fusaposten.

Tilbod om deltaking på fiskeseminar

Det årlege fagseminaret på utmarkssektoren vert i år skipa til 24-25 januar i Førde, på tema fisk, der naturforvaltninga hos fylkesmannen og fylkeskommunen, NJFF, bondelaget og skogeigarlaget er arrangør.

Inviterer til regionmøte

- Denne våren vert av dei mest spanande og krevande landbrukspolitisk på lenge, seier fylkesleiar Per Hilleren. Saman med resten av fylkesstyret ser han fram til å møte styra i lokallaga i regionmøta denne månaden.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere