Fylkesstyret og tilsette hadde møte på Rongastovo fredag. Til middag fekk dei selskap av fleire tillitsvalde frå lokallaga i regionen, og det vart eit godt bordsete med særs kortreist mat på menyen. I dag er sjølve regionmøtet med 30 deltakarar.

Først på programmet stod ein gjennomgang av den nye politiske kvardagen med blå-blå regjering. - Vi vil gjerne gi eit positivt bilete av norsk framtidslandbruk, sa organisasonssjef Lars Peter Taule. -Det er viktig at vi byggjer politisk trykk nedafrå, og at lokallaga snakkar med både politikarar og vanlege folk.

Lokallaga hadde ein runde på årets aktivitetar, der mellom anna verving vart vektlagt.

Etter lunsj vart det eit kort kurs i organisasjonsarbeid.

Den nye politiske kvardagen