Audun Pedersen, Solveig Lilletvedt, Kjersti Toppe og Liv HasåsDet har vore mykje fokus på psykisk helse den siste tida, og signala frå den nye regjeringa er at dette er eit satsingsfelt. Stortingspolitikar Kjersti Toppe (Sp) er med i Helse- og omsorgskomiteen, og har lenge vore oppteken av temaet. Fredag tok ho turen til Framnes Gård for å sjå korleis tilrettelagt arbeid på gard kan vere til hjelp i psykisk helse.

Bonde Solveig Lilletvedt tok i mot og viste rundt på garden. Ho har eit Inn på Tunet tilbod der ei gruppe sysselsett gjennom ALF as (Senter for arbeidslivsforberedelse) kjem på garden for å arbeide. Arbeidstakarane er uføretrygda, men sett pris på å kome seg ut og gjere eit fysisk arbeid. På garden får dei vere til nytte og er ein del av eit arbeidsmiljø. Dei har eit trygt sosialt fellesskap med kollegaer og ein helsegevinst ved å halde seg i aktivitet. –Dette er eit lavterskel arbeidstilbod til dei som ikkje klarar noko anna, seier Solveig. -Det er viktig for dei som kjem hit å kunne seie at dei har eit arbeid.

- Vi i næringa har eit håp om at kjøpargruppa ser gevinst ved bruk av gardar som tilbydarar for læring, arbeidstrening, demesomsorg og andre opplærings, helse- og omsorgsbehov, legg ho til.

Frøydis Lindén frå Fylkesmannen si Landbruksavdeling (FMLA), Hans Nyeggen frå Senterpartiet, Liv Hasås frå ALF as og Audun Pedersen frå Bergen kommune var alle med på møtet, og det vart ein god diskusjon rundt bordet etter omvisinga.

Ei utfordring er å finne ein felles plattform for kjøpargruppa og tilbydarane av IPT-tenester. Tilbydarane har ikkje ein felles paraplyorganisering, og kjøpargruppa består av både kommune, offentlege etatar og private aktørar. Det nye kvalitetssikringssystemet for Inn på Tunet gjer det lettare for kjøparane å vite kva dei får, men kortsiktige avtalar er framleis eit problem, særleg for tilbydargruppa.Hans Nyeggen frå Senterpartiet

Både Frøydis frå FMLA og Solveig kunne fortelje om både suksesshistorier og flaskehalsar sett frå tilbydarane sitt synspunkt, medan Liv Hasås og Audun Pedersen la fram kjøparsida sitt syn. Det var einsemd om at begge gruppene har nytte av å møtes. Frøydis informerte om den nye handlingsplanen for IPT i Hordaland som er under utarbeiding, der nettopp dette temaet er tatt opp.

Kjersti Toppe sa seg nøgd med gardsbesøket og møtet. –Vi må ha helse for å arbeide, men også ha arbeid for å ha helse, kommenterte ho undervegs i omvisninga. Ho fekk med seg både ønskje for framtidig politikk og diverse rapportar tilbake til Stortinget.