Nyhende frå Vestland Bondelag

Landbruket er viktig for fleire enn bonden

-Me ber om hjelp frå dykk så me framleis kan produsera det du og alle treng, og som blir viktigare i tida som kjem, skriv Ullensvang Hagebrukslag i eit brev til politikarane i heradet.

Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag klare for nytt arbeidsår

Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag heldt sitt fylkesårsmøte i Sogndal i helga. "Aksjon Sunn matglede" og medlemsverving er blant dei prioriterte arbeidsområda i 2014.

Meir kraftfôr og mindre beite for kyr i Hordaland

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug varslar fleire endringar i norsk mjølkeproduksjon, mellom anna heving av kvotetak på mjølk og endra geografisk inndeling av mjølkekvoter. Konsekvensen for Horalandsbonden kan verte stor.

Intektsnivået må opp

- Det vil vere uråd å auke matproduksjonen utan ei positiv inntektsutvikling for matprodusentar i heile landet, seier fylkesleiar Per Hilleren.

Optimisme i Kvinnherad

Nærare 250 interesserte sauebønder møtte fram for å studere det nye sauehuset til Olav H. Bringedal og Ragnhild T. Bjørke i Uskedalen. Huset er innreia med fôrhekkar for appetittfôring og kraftfôrautomatar. Les artikkelen i Bondevennen.

Vårkampanje

Endeleg er det tid for den årlege kampanjen føre jordbruksforhandlingane, og no skal vi kåre fleire Bondevener. Lokallaga har fått informasjon frå Norges Bondelag og frå fylkeslaget med tips og ideear til markeing av kampanjen.

Aurlandspar frontar norsk matproduksjon

Gøril Tveiten Lie og Einar Lie fra Aurland er to av bøndene som er med på å vise kvifor Norge treng bonden.

Barn og dyr er magisk

Lokallagsleiar Olav Botnevik var ikkje vanskeleg å be då han fekk spørsmål om han ville ha barnehageungar på besøk på garden sin i Bjørkeflaten. Les meir på midtsiden.no

Årets lokallag er Fusa Bondelag

Kvart år kårar Hordaland Bondelag årets lokallag. I år var det Fusa Bondelag som fekk tittelen, diplom og 10 000 kr. Dei går vidare til den nasjonale kåringa i Norges Bondelag.

Jord er viktigare enn nokon gong

Førre veke inviterte Uskedalen Bondelag og Uskedalen Utvikling til møte om jordvern. Svein Guldal frå Norges Bondelag hadde føredrag om jordvern knytt opp til utfordringane klimaendringa gjev i framtida.

Nytt styre i Hordaland Bondelag

Laurdag valte årsmøtet nytt styre i Hordaland Bondelag. Frøydis Haugen takka for tilliten som nyvalt leiar.

Norge treng distriktslandsbruket

Fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag vil peike på kor viktig distriktslandbruket er for den totale matproduksjonen i Norge. Skal ein nå næringskomiteen på Stortinget sitt mål om auka matproduksjon med intensjon om auka sjølvforsyning, trengst det verkemidlar som tek omsyn til at maten vert produsert i eit langstrakt land med store skilnader i klima, topografi og arrondering.

Landkreditt ønskjer velkomen til fagmøte

Landkreditt inviterer til fagmøte i Førde, onsdag 19. mars kl. 11.00 på Rica Sunnfjord Hotel. Jostein Angedal innleier om overdraging av gardsbruk, og om bøndene på Vestlandet sin økonomi.

Årsmøte i Hordaland Bondelag på Voss

Den første dagen av Årsmøtet i Hordaland Bondelag er snart over, og dei 80 utsendingane og gjestene har fått med seg både politisk debatt og innlegg frå Kari Traa.

Matjorda treng vern

Fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag meiner at jordvern må verte eit overordna omsyn når vegar som til dømes E39 og sentrumsutvikling i fylket skal planleggast. Det å prioritera ned jordvernet er å prioritera det kortsiktige. Det er på høg tid at det vert innført eit juridisk og nasjonalt vern for å hindra nedbygging av matjord.

Oddvin Haugland har gått bort

Det er med stor sorg vi fekk meldinga om at tilsett ved Sogn og Fjordane Bondelag sitt kontor, Oddvin Haugland døydde måndag kveld. Oddvin var ein lojal og dyktig medarbeidar med eit langt yrkesliv i Norges Bondelag. Våre tankar går til Herdis og resten av familien.

Oppstart av prosjekt "Framtid i landbruket" i ungdomsskulen på Sande

Første tiltak i prosjekt, "Framtid i landbruket i Sogn og Fjordane" for ungdomsskulen i Sunnfjord, vart gjennomført som klasseinformasjon over ein halv skuledag den 7. mars for 9 klasse ved Sande skule.

Ny giv på Unneland

Den bynære landbruksbygden Unneland står stadig i fare for å bli slukt av byen. Grendalaget har tatt konsekvensen av dette, og har satt i gang flere prosjekt for å forsterke bygdens identitet og hindre omdisponering av dyrket mark.

Kva potensial har landbruket i Hordaland?

-Som administrerande direktør på eigen gard må ein ta omsyn til ressursar, kunnskap og interesser i tillegg til økonomi, sa Frøydis Haugen under eit seminar om landbruket i Hordaland denne veka.

Distriktslandbruket viktig for norsk matproduksjon

Auka norsk matproduksjon krev politikk som sikrar lønsamt landbruk over heile landet, sa Per Hilleren til årsmøtet til Sogn og Fjordane Bondelag.

Møte: Jordvern i sentrum

Uskedalen Bondelag inviterar til møte med tema jordvern tysdag 11. mars. Svein Guldal frå Noregs Bondelag skal halda føredrag.

Voss Bondelag fylte 80 år!

Laurdag 1.mars feira Voss Bondelag 80 år. Både fylkesleiar Frøydis Haugen og leiar i Norges Bondelag, Nils T. Bjørke, var med på festen.

For seint å så når ein er svolten

-Eg kan fort måtta setja krok på fjøsdøra mi dersom landbruksministeren får det som ho vil, skriv leiar i Bergen Bondelag, Bodhild Fjelltveit, i Bergens Tidende.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere