Les innlegget, som sto på trykk i Os og Fusaposten laurdag 11. januar:

Fusa Bondelag er hjartans einig med Magne Djuvik si overskrift i innlegg i «Os og Fusaposten» forrige laurdag: Norsk landbruk – ei viktig næring.

Berre for å ha det heilt klart: Bondelaget ynskjer dialog med sitjande regjering og har aldri vore pådrivar i mediapresset mot Listhaug. Me veit så inderleg vel at me er avhengige av politisk aksept for å kunna driva matproduksjon i Noreg. Av den grunn prøver Bondelaget å få gjennomslag for sitt syn også hjå dei partia som har fleirtal på Stortinget.

Men etter å ha lese innlegget til Djupvik er det berre å slå fast at vi er ueinige.

VVidareforedla mjølkidareforedling
Matproduksjon omfattar sjølvsagt alt frå kjøt og mjølk til poteter, frukt og bær. Vidareforedling av produkta er ein naturleg del av verdikjeda. Det har dei siste 10 åra vore ein aukande vidareforedling på gardsbruka. Dette har gjort sitt til at me no har eit stort utval av lokalprodusert ost, pølse, skinke, brød, øl osv. Mange produkt har vunne gjæve internasjonale prisar og kan no smykka seg med merkelappen gourmet-mat.

Like fullt er det matindustrien som har den største vidareforedlinga av råvarene våre. Meir enn 45.000 arbeidsplasser i matindustrien syter for at me kvar dag får god og sikker kvalitetsmat i butikkhyllene. Desse arbeidsplassane vil med stor sikkerheit forsvinna dersom råvarer frå norsk landbruk forsvinn. Det er utenkjeleg at næringsmiddelindustrien kan foredla råvarer importert frå utlandet. Til det er lønskostnadene her i landet altfor høge.

KKornproduksjonorn og gras
I Noreg er gjeldande politisk målsetting å produsere mest mogeleg mat på norske ressursar, og at heile landet skal takast i bruk til dette. Dermed er det lagt opp til at der det kan produserast korn, bør det produserast korn. Frukt og grønsaker der dette er høveleg. Mjølk og kjøtt vert produsert der grasproduksjon på eng og beite fungerer best.

Kornproduksjon i Noreg er i utkanten av det som er mogeleg klimamessig. I gode produksjonsår blir det god kvalitet på kornet, og dermed blir det brukt til menneskemat. I dårlegare produksjonsår har vi heldigvis dyr som kan bli fora med det, slik at vi har ein fornuftig bruk. Men uansett gode eller dårlege år må me importera korn fordi norsk produksjon utgjer berre om lag halvparten av kva som trengst.

Andelen matkorn har auka mykje dei siste 10 åra. Dessverre har det vore tre dårlege år etter kvarandre med kaldt ver og mykje nedbør. Dette har gjort at den totale kornproduksjonen og andelen kveite til matkorn har gått ned frå normalen på 70% til 18% i 2011. Litt høgare i 2012 og 2013. Det er strenge kvalitetskriterium for å få kornet levert som matkorn. Forbrukarane ynskjer kvalitetsprodukt, også når det gjeld brød.

Påstanden om at ein på Austlandet produserer korn som berre skal brukast som dyrefôr på Vestlandet er feil. Dersom me skulle konkurrert på same vilkår ville Austlandet, Jæren og Trøndelag fort teke over heile gras- og mjølkeproduksjonen. Ved ei omlegging av produksjonen til sentrale landbruksområde vil den totale landbruksproduksjonen gå ned fordi distrikts-Noreg vert utkonkurrert. Dette vil igjen føra til auka import i forhold til i dag både av matkorn og fôrkorn.

Den effektive kua
Effektive kyrMatproduksjon i Noreg har hatt ein fantastisk effektivitets-vekst frå 1990 til i dag. Me produserer same mengd mat med halvparten så mange bønder. Dette skuldast mange ting, ikkje minst ei svært produktiv ku. Me har ei fleksibel ku. Dersom fôrrasjonen inneheld mykje grovfôr, så blir ikkje produksjonen så stor som om ho får fôr med høgare energi og proteininnhald. For bonden er det i dag rettast å kjøpe inn høgverdig fôr fordi dette gjev det beste økonomiske resultatet.

Nedlegging av bruk har skjedd i stor skala. 90.000 bønder er vortne til 45.000. Dette har vore ei politisk villa utvikling for å frigjera arbeidskraft til andre næringar. Inntektene til bonden er for låg når me samanliknar oss med andre næringar og arbeidstakarar. Det er staten som har tent på effektiviseringa, ikkje eg som bonde.

Tvangstrøye?
Me forstår ikkje kva reguleringar Magne Djupvik viser til som ligg som ei tvangstrøye over landbruket. Dette er noko som dei blå-blå politikarane har funne på. Som matprodusent er det ikkje konsesjonsgrenser, priskontroll, marknadsregulering osv. som er utfordringane. Det er heilt legitimt av politikarane å stille spørsmål ved ulike ordningar, men dei må også klargjera kven dei vil oppnå fordelar for.

Som me forstår er Frp sitt ynske at marknadskreftene skal rå. (Fri konkurranse.) Då høvde det godt at Trulto hadde eit fint innlegg i avisa sist laurdag. Ho forklara her fint om nokre av farane ved å la marknadskreftene rå. I tillegg vil fri konkurranse føra til store prissvingningar som verken gagnar bonde eller forbrukar. Det vil også føra til mangel og overskot av varer, alt ettersom prisane varierer. Dagens marknadsreguleringstiltak har fungert godt i lang tid for jordbruket og forbrukarane . At fri konkurranse fungerer godt for alle andre næringar er ikkje rett.

Skogbruket i Noreg er utan regulering og er i full konkurranse med resten av verda. Den er i dag inne i ei stor krise. Mesteparten av foredlingsindustrien vår er vekke.Skogbruk Årsaka er i hovudsak at me ikkje er konkurransedyktige på pris. Lønsnivået er for høgt. All eksportretta industri i Noreg som ikkje ligg under oljenæringa sin beskyttande paraply merkar dette. Konkurranse kan fungera på enkelte produkt under like vilkår. Finanskrisa er vel det beste dømet på kor galt det kan gå ved å la dei frie marknadskreftene få rå utan noko som helst styringsverktøy. Til opplysning har EU, USA og dei fleste utvikla land etablert system som regulerer matvaremarknaden innanfor grensene sine.

Den viktigaste forutsetninga for at me skal kunna ha eit landbruk i Noreg er eit godt tollvern. Alle land har tollvern for å verna om produksjon av eigne landbruksprodukt. Til og med USA.

Jordvern
Alle land har òg eit strengt jordvern. Stort sett strengare enn det me har i Noreg. Berre 3 % av arealet vårt er dyrkbar mark. Me vil trenga alt dette arealet for å fø ei raskt veksande befolkning. Bustadfelt er det ingen problem å finna plass til utanom dyrka areal alle stader i Fusa kommune. Med eit godt jordvern og dagens landbrukspolitikk får me så mykje meir med på kjøpet. Kven skal driva landskapspleie dersom ikkje me og dyra våre gjer det? Tenk berre på kor viktig kulturlandskapet er for turistnæringa vår. Me får vegar og stiar, biologisk mangfald, spreidd busetnad, verdiskaping og arbeidsplassar i distrikta.

Dyrka mark, StrandvikBeredskap
Det er positivt at eit av punkta i regjeringserklæringa til dei Blå-blå er: Arbeide for en høyest mulig selvforsyning av mat av beredskapshensyn. Dette har tydeligvis ikkje Fusa Frp fått med seg.

Klart det er viktig med matvareberedskap. Dette har òg forsvarssjefen vår uttalt. Verdas kornlager er pga. klimaendringar og naturkatastrofar vorte svekka gjennom fleire år. Ved ei krise i verdas matvareforsyning vil kvart enkelt land først syta for seg sjølv. Sjølv om me i Noreg har mykje pengar, er det ikkje sikkert at me får kjøpa alt me treng. Kva med moralen oppi dette? Er det ikkje heilt naturleg at kvart enkelt land produserer så mykje mat som dei klarer til eiga befolkning? Eit så rikt land som vårt bør i alle fall produsera sin eigen mat. Me produserer mykje fisk i Noreg. Likevel er det eit faktum at matvareberedskapen vår er berre om lag 50%, sjølv når me tek med fisk i denne rekneskapen.

Frp har ikkje mykje tru på evna vår til å få maskinparken til å gå i ei krisestund. Me har større tru på evna vår til å få maskinene til å fungera enn som så. Hugs på at me har alt som trengst av teknologiverksemder for å få dette til. Med tankegangen til Frp kan ein vel like godt leggja ned Forsvaret også i same slengen. Få eit tilbod frå USA. Det vert sikkert mykje billegare. Frp har ei “håper det går bra-haldning, det har gått fint fram til no”. Den fungerer kanskje ei stund. Me andre likar å forbereda oss på det som kan koma.Lars Inge Vik

Me merkar oss at Frp trur at deira politikk er god landbrukspolitikk. Me trur ikkje det, etter dei signala me til no har fått.

Bondelaget er sjølvsagt villige til å sjå på andre løysingar. Dagens landbrukspolitikk er ikkje nødvendigvis fasiten.  Men endringane må ha rot i verkelegheita.

Lars Inge Vik

Fusa Bondelag