Nyhende frå Vestland Bondelag

Utfordrar Bjørn til å fortelje kvar kutta skal kome

- Eg ser fram til å møte Bjørn Lødemel til debatt i dag for å setje fokus på verknadene Høgre sin landbrukspolitikk kan få for bøndene i fylket, seier fylkesleiar Per Hilleren.

Semje om årleg møte mellom fylkesbondelaget og Vegvesenet

Utgangspunktet for saka er at bønder har opplevd ein manglande dialog med Vegvesenet ved oppsett av rekkverk og autovern langs fylkesveg, for å kunne ivareta eige interesser. Etter påtrykk frå bondelaget vart det møte mellom fylkelsbondelaget og Vegvesenet for å betre dialogen og arbeidsrutinane kring dette.

Engasjerte småfehaldarar

-Eg håpar samlinga kan gje grunnlag for at fleire satsar på småfenæringa i fylket, seier fylkesleiar Per Hilleren som representerte fylkeslaget på den årlege småfesamlinga på Skei tidlegare denne månaden.

God deltaking på regionmøta

- Det har vore bra frammøte på regionsamlingane og gode og saklege drøftingar seier nestleiar i fylkesstyret Marit Flatjord som har delteke på to av dei ni møta.

"Dagmar" medverka til kunnskapsvekst i skogen

- 2012 var året då ” alle skulle på Kurs i Aktivt Skogbruk. Arnt Laukeland som er instruktør har helde mest kurs i heile landet i 2012 med 63 kurs. Det mest populære kurset er hogstkurset der ein lærer bruk og stell av motorsag.

Naturbrukselevar på gardsopplæring

Fem elevar på Vg 1 og Vg 2 ved Stend vgs. skal den næraste tida få praktisk opplæring i gardsdrift av to utvalde "vertsbønder".

Vitja Nordfjord Kjøtt

- Det er interessant å verte invitert med på bedriftsbesøk for å sjå kva verdiskaping som skjer i Loen, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Per Hilleren som saman med leiar i Sogn og Fjordane Arbeiderparti vitja Nordfjord Kjøtt tidlegare denne månaden.

Per møter Bjørn

- Eg ser fram til debatten med Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel i Fjærland, seier fylkeleiar Per Hilleren. Torsdag den 31. januar møtest dei to karane til debatt i Fjærland Bygdahus. På dagsorden står den framtidige landbrukspolitikken.

Stinn brakke på møte om eigarskifte

- Dette var midt i blinken. Omlag 40 deltakarar frå både den eldre" og yngre garde fekk høyre eit godt og konkret innlegg frå Ivar Halvorsen i Tveit Regnskap, oppsummerer Veronica Hellestveit, leiar i Ølve/Hatlestrand Bondelag, etter møtet.

Hurra for Bodil som vert den nye Bondelagskokken

- Det var kjempekjekt å få meldinga om at Bodil Fjellestad Eikrem er tildelt oppdraget å vere Bondelagskokken dei to komande åra, seier ein svært så smilande og blid fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Per Hilleren.

Fylkesstyret på fjøsbesøk

Styret i Hordaland Bondelag kombinerte styremøte i Myrkdalen med ei omvising i styremedlem Leif Arne Lirhus sitt flunkande nye lausdriftsfjøs. - Her trivest eg steikjande godt, fortalde Leif Arne.

Ingen matproduksjon med Frp politikk

Hovedeffektene av Framstegspartiet sin landbrukspolitikk vil vere at det ikkje vil vere lønsemd i å produsere mat i Norge verken for dei som er store eller dei små. Dei som driv under dei beste naturgjevne forholda eller i meir marginale område som i Sogn og Fjordane seier fylkesleiar Per Hilleren.

Det er klart vi skal vere med!

Sogn og Fjordane Fylke fyller 250 år i september 2013. Breim Bondelag har teke initiativ til ei stormønstring som skal samle landbruksnæringa til eit jubileumsarrangement. -Når fylket vårt jubilerer er det klart vi skal vere med, seier leiar i Breim Bondelag, Anders Felde.

Fjaler og Hyllestad Bondelag har fusjonert

Eit større fagleg og sosialt miljø for bøndene i begge kommunar var ein viktig motivasjonsfaktor for samanslåinga. Etter skipingsmøte i desember, og val av nytt styre, er det eit felles lokallag i kommunane Fjaler og Hyllestad.

Prioriterer betre økonomi for industribæra

- Det er viktig å styrke økonomien for produksjon av bær til industrien gjennom eit høgare distrikts- og kvalitetstilskot, seier leiar i Grøntutvalet på Vestlandet Brit Brækhus.

På vervetokt i Vik Bondelag

Verveutvalet i Sogn og Fjordane Bondelag, i samarbeid med Vik bondelag, gjennomførte medlemsvervekampanje 11. desember, der representar frå fylkeslaget og lokallagsstyret i Vik oppsøkte potensielle medlemmer heime på garden.

Handlingsplan for Inn På Tunet tenester under arbeid

Fylkesmannen lagar i desse dagar eit utkast til handlingsplan for Inn På Tunet tenester (IPT), som i vinter vil kome på høyring i alle kommunar. - Det er bra at det vert satsa på å tydeleggjere både flaskehalsar og moglegheiter for denne næringa seier fylkesleiar Per Hilleren.

Fagsamling for sau på Skei

Nortura i samarbeid med Norsk landbruksrådgjeving og Fylkesmannen inviterer til fagsamling for sau på Skei den 10. og 11. januar.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere