Nyhende frå Vestland Bondelag

Meld frå om vinterskade på enga

For å kunne søkje tilskot til reperasjon etter vinterskade på eng, må kommunen få melding i god tid før skaden vert utbetra. Skaden skal utbetrast før 15. juni og søknadsfrist for tilskot er 15. juli.

Vil ut og sanke medlemer

Verveutvalet i Sogn og Fjordane Bondelag har starta planlegginga av hausten sine verveaktivitetar. Det er fleire vegar mot målet om nye medspelarar , men eit prioritert tiltak vert å besøke potensielle medlemer heime på garden.

Meld inn trong for såfrø

- Det er viktig at alle som har fått skade på enga og treng såfrø melder frå om dette ved første høve slik at vi kan få ei oversikt over det totale omfanget, seier Dag Arne Helle i Felleskjøpet.

Ikkje høgare enn det må vere

- Sett frå grasrota er ikkje dette oppgjeret høgare enn det må vere, men eit steg i rett lei seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Per Hilleren, som saknar ei satsing på distrikta i avtala. Arbeidsgrupper kan vere bra, men berre dersom dei endar ut med konkret vilje til å setje inn kroner og verkemiddel.

Dei raudgrøne partia i fylket krev meir budsjettmidlar til jordbruket

- Vi ber særskilt om at det vert stilt meir friske budsjettmidlar til disposisjon i forhandlingane. Det er også viktig at ein særkilt investeringspakke vert stilt til disposisjon for næringa, heiter det i eit brev frå dei raudgrøne partia i Sogn og Fjordane til Statsministeren

Bøndene tar over byen

Rapparane Skarre R og KløverKnekt frå Nordhordland har laga musikkvideo til hiten "BondeGangster". -Låta handlar om å vera rap-artist frå Nordhordland, og konseptet er at bøndene tar over byen, seier dei.

Etterlyser meir pengar til distrikt og investering

- Etter å ha studert Staten sitt tilbod må eg seie meg skuffa over Staten sitt fokus på distrikt, investering og rekruttering i årets tilbod, seier Per Hilleren. Her må det kome betringar.

Medan det enno er tid

Me veit at det brenn eit blått lys for gardsdrift i mange bygder, skriv Reidar Konglevoll i Bergens Tidende. Reidar er sauebonde og leiar i Alversund og Seim Bondelag.

Bondevenner på Voss

Bondelaga på Voss nytta eit møte om mjølkeproduksjon til å kåre sine Bondevenner.

Kan ikkje forstå at konklusjonen står i stil med føresetnadene

Høgre sitt NILF-notat syner til at inntektsgapet mellom bønder og andre grupper vil auke med 85.000 kr pr årsverk i løpet av dei neste 12 åra. - Det undrar meg at trass i dette klarar modellen å få det til at matproduksjonen vil auke med 11 prosent, seier fylkesleiar Per Hilleren

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere