Påmelding til leiarmøte i Vestland Bondelag 2024
Lokallagsleiarane er kalla inn på leiarmøte i Vestland Bondelag torsdag den 7. og fredag den 8. november på Voss. Vi gler oss til å samle organisasjonen til fagleg påfyll og sosialt samvær.
- Vi ber særskilt om at det vert stilt meir friske budsjettmidlar til disposisjon i forhandlingane. Det er også viktig at ein særkilt investeringspakke vert stilt til disposisjon for næringa, heiter det i eit brev frå dei raudgrøne partia i Sogn og Fjordane til Statsministeren
I eit eige brev til Statsminister Jens Stoltenberg, signert av dei raudgrøne fylkespartia og dei raudgrøne ordførarane i fylket krev dei at regjeringa må kome med meir budsjettmidlar til bruk i forhandlingane med næringsorganisasjonane. - Som leiar i Sogn og Fjordane Bondelag er eg svært glad for initiativet frå dei raudgrøne partia i fylket, seier Per Hilleren i ein kommentar til brevet som han nyleg har fått ein kopi av. Det må ikkje vere tvil om at skal ein klare å styrke distrikta i desse forhandlingane så må dei meir budsjettmidlar til, og det er flott at vi får støtte frå grasrota i partia på dette.
Brevet frå dei raudgrøne partia til Statsministeren kan du lese her.