Nyhende frå Vestland Bondelag

"Klimaskog": framtidig tiltak i skogforvaltninga

Sogn og Fjordane Bondelag har gjennom fylkesmannen si Landbruksavdeling hatt på høyring sak om planting av skog for binding av klimagassen Co2. Bondelag stør forslaget om ein del føresetnader kjem på plass.

Æresmedlem Anno har gått bort

Det var med stor sorg styret, tilsette og lokallagsleiarar på leiarmøte tok i mot nyheita om at æresmedlem Anno hadde gått bort. Ho vart heidra med eitt minutts stillhet i møtet.

Korleis motivere for lokallagsleiarrolla?

Styreleiar Frøydis Haugen gir gode råd om korleis ho motiverar seg sjølv og styret til å gjere ein god jobb for medlemene.

Kommunikasjon for landbruket

Den nye regjeringa var sjølvsagt eit tema då Hordaland Bondelag og Sogn og Fjordane Bondelag møttest til leiarmøte i Hardanger.

Møtest i Hardanger

- Eg ser fram til å gjennomføre leiarmøtet saman med Hordaland Bondelag seier fylkesleiar Per Hilleren. Det er ikkje til å legge skjul på at den nasjonale politiske situasjonen vil få stor merksemd i møtet.

Per Inge Midtbø held fram som leiar i Norddalsfjord Bondelag

- Medlemene i Norddalsfjord Bondelag er ikkje mange, men dei er svært aktive og engasjerte, seier Nils Magne Gjengedal som representerte fylkeslaget på årsmøtet deira.

Kven vert kåra til fylket sitt mest iderike bygdesamfunn

Prisen for idérike bygdesamfunn vert gjeven til bygdesamfunn som gjennom idérikdom, samarbeid og målretta arbeid har utvikla eit godt bumiljø med trivsel for folk i alle aldrar og/eller spennande og attraktive tilbod innbyggjarane og tilreisande i bygdesamfunnet.

Kulturlandskapspris til Kvemmadokkje

Johan Børsheim og Toril Lunde Børsheim fekk Kulturlandskapsprisen for arbeidet med å gjere om ein husmannsplass til ny næring knytt til reiseliv, selskap, servering og kulturformidling.

Finalistar til Årets unge Bonde

Blant 200 framlegg har juryen plukka ut 20 finalistar til "Årets Unge Bonde". Ole-Ivar Åm Sognnes frå Hyllestad og Silja Juklestad frå Jølster er to av dei.

Usikre på ny regjering

Under årsmøtet i Uskedalen diskuterte bøndene både den nye regjeringa, den seine våren og sentrumsplanen. Det vart noko utskifting i styret, men Olav Hjetland Bringedal held fram som leiar.

Forventar at Ministeren søkjer kunnskap

- Eg stiller meg undrande til Erna Solberg sitt val av landbruksminister, men når Listhaug har fått jobben må vi kunne forvente at noko av det første ho gjer, er å skaffe seg kunnskap om landbruket i Norge ved å reise ut og møte matprodusentane der maten vert produsert, seier fylkesleiar Per Hilleren.

Spent på kva som ventar

- Personen som vert utnemnd til statsråd i Landbruksdepartementet har eit stort ansvar for utviklinga i landbruket på sine skuldre, seier fylkesleiar Per Hilleren

Erstatningar ved avlingssvikt i 2013

Ein kald vinter med tele og isbrann gjorde at mange fekk reduserte avlingar i 2013. Produsentar av grovfôr og bær og med store tap kan søkje erstatning innan 31. oktober.

Framtidstankar om mjølk og foredling

Har mjølka vår potensiale til å verte delikatessar som marknaden etterspør? Bli med på eit spennande seminar i Gloppen 23. oktober.

Regjeringserklæring utan ambisjonar for matproduksjon i distrikta

- Dette er eit skuffande dokument utan ambisjonar for matproduksjon i heile landet, seier fylkesleiar Per Hilleren i ein kommentar til innhaldet i regjeringserklæringa frå dei mørkeblå.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere