Nyhende frå Vestland Bondelag

Opning av Stortingsvalkampen på Sandane

Alle som har interesse av distrikta sine vilkår og framtidige utviklingsmoglegheiter må ta turen til Gloppen måndag den 4. mars for å delta på debattmøte i regi av bondelaga i Gloppen og Gloppen Næringsråd. Listetoppane ved Stortingsvalet 2013 vil delta.

Oppsummerer nok eit aktivt år

- Eg har forstått at i Bondelagsarbeidet er det ikkje tid for kvileskjer eit einaste år, seier fylkesleiar Per Hilleren i ein kommentar til at årsmledinga for 2012 er klar.

Innstiller på attval av Per Hilleren

Valnemnda gjev fylkesleiar Per Hilleren fornya tillit som leiar i Sogn og Fjordane Bondelag framfor fylkesårsmøtet den 7. og 8. mars.

Tilskot til klima- og miljøtiltak i jordbruket

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har 200 000 kroner til klima- og miljøtiltak i jordbruket for 2013. Søknadsfristen er 1. april.

Bondelagskokk heidra på heimebane

Bodil Fjellestad Eikrem vart utnemnd som ny bondelagskokk for dei to neste åra under Grüne Woche i Berlin. Vel heime var det duka for markering av utnemninga, og det skjedde på Gloppen Hotell der Bodil til dagleg er kjøkkensjef. -Ein fantastisk ambassadør for norsk landbruk, seier leiar i Norges Bondelag, Nils T. Bjørke.

La grunnlag for trygt arbeidsliv

Tiandeklassingane ved Strandebarm u-skule var dei første i fylket til å gjennomføre "Trygg på jobb, med landbruk som eksempel". Høg score på sluttesten fortel om stor innsats og høgt læringsutbytte.

Bergenspolitikarar på gardbesøk

Komitè for kultur, idrett og næring i Bergen fekk både høyre om - og smake på - bergenslandbruket ved besøket på Øvre Eide gård. Og som godt vertskap serverte Bergen Bondelag eit bugnande bord av lokal tradisjonsmat.

Forelsket i landbruket

I haust hadde Hordaland Bondelag og Lanbrukstunet kompetanse ein videokonkurranse med tittelen "Landbruket ruler". I samband med Valentindagen minner vi om andreplassen, "Forelsket i landbruket".

Er du ung bonde som tenkjer "Inn på Tunet"?

Inn på Tunet-utvalet i Norges Bondelag inviterer til fagtur til Alta i april 2013. Målgruppa er unge/komande bønder som er i startfasen med eit Inn på Tunet tilbod, eller som tenkjer på å starte opp.

Tre skuletimar om landbruk!

- Ikkje verst å få snakke til SEKSTI 10.-klassingar om naturbruk og landbruk, oppsummerer Kari Heggenes Kvammen, leiar i Manger Bondelag, etter besøket på Radøy ungdomsskule.

Bondelaget på utdanningsmesse

Det er tradisjon med utdanningsmesse for HAFS- området, der næringsliv og orgnisasjonar gjev informasjon til skuleelevar på u-skule og v- skule i Dale. Det lokale bondelag i Fjaler i samarbeid med fylkeslaget stilte på stand og presenterte landbruksnæringa og landbruket sine organisasjonar, med vekt på verdiskaping, syselsetjing og yrkesmoglegheiter i jordbruket si verdikjede.

Vassområde Sunnfjord ber om innspel

Vassområde Sunnfjord førebur seg til arbeidet med tiltaksanalyse for vatnet som er registrert med dårleg eller svært dårleg tilstand. Det er sett opp liste over kva vassførekomstar som ikkje held mål. -Eg oppmodar grunneigarar om å gjere seg kjend med om dette gjeld vatn i deira nærområde, seier Anita Sæther ved kontoret til Sogn og Fjordane Bondelag.

Inntektsmoglegheitene må styrkast

- Eg er glad for at fleirtalet i hovudutval for plan og næring er så tydelege på at lønsemda og inntektsmoglegheitene i jordbruket må styrkast seier fylkesleiar Per Hilleren. - Eg registrerer samstundes at Høgre og Framstegspartiet sine representantar i utvalet ikkje røysta for framlegget om ei naudsynt betring i lønsemda.

Rammeplan lagt for HMS- kampanjen "Trygghet og helse i landbruket" 2013

Planleggingsgruppa for vidarføring av HMS- kampanjen har nett hatt møte og tilrådd prosjektativitetar i fylket for våren og hausten 2013. Det vert ein kombinasjon av lokale markdagar hos bønder og temaet knytt til medlemsmøta i samvirkeorganisasjonane og til andre landbruksrelaterte arrangement.

Skatteframlegga vil ikkje gje stor inntektsverknad

- Det er bra at Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel har forstått at inntektsverknadene av Høgre sine skatteframlegg ikkje vil verte store for matprodusentane i vårt fylke, seier fylkesleiar Per Hilleren i ein kommentar til Lødemel si innleiing til debatten i Fjærland i går.

Mange nye matprodukt i butikken i dag

- Det er kjekt å sjå at ei verksemd i min eigen kommune er mellom dei som er innovative på matmarknaden i dag, seier fylkesleiar Per Hilleren som sjølv var så heldig å få smake produktet før lanseringa.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere