- Kjempebra at komiteen tok turen, som var deira første landbruksbesøk etter omorganiseringa i kommunen. Vi fekk sett det bynære landbruket tydeleg på dagsorden. Eg føler at mangfaldet, verdiane og utfordringane vart presentert på ein god måte. Engasjementet var bra, og eg trur politikarar fra alle parti opplevde møtet som lærerikt og nyttig, fortel leiar i Bergen Bondelag, Arild Nydegger Øvre-Eide, etter dysten.

Jon Henning Gjerde heldt lokallaget sitt innlegg om dagens situasjon og framtidsutsikter for landbruket i kommunen. Jørn Hafslund frå Ostegården fortalde om si bedriftsutvikling, og synleggjorde innovasjonen og entreprenør-skapskrafta som bøndene i Bergen står for. Lars Peter Taule frå Hordaland Bondelag heldt innlegg om utfordringane for vestlandslandbruket, med vekt på økonomi og produksjon. 

I førekant av møtet oppmoda lokallaget medlemmane til å sende inn bilete av bergenslandbruket, før og no. Bileta strauma inn, noko som resulterte i eit flott og illustrativt BILETSPEL, samansett av Bodil Fjelltveit. Her fekk politikarane verkeleg sjå variasjonen og utviklinga dei siste tiåra. 

Bondelaget hadde fått utarbeidd ei BROSJYRE om det bynære landbruket til møtet, med fokus verdiar, utfordringar og samarbeid. Brosjyren inneheld også ei rykande fersk uttale frå fylkesordførar Tom-Christer Nilsen i Hordaland fylkeskommune, der det mellom anna står:

Vårt mål er å vere ein partnar for landbruket som set matproduksjon, kulturlandskap og framtida i landbruket i førarsetet"

- Fin uttale, kommenterer Arild. Og apropo mat, seier han: Politikarane fekk servert mange flotte, lokale råvarer og produkt frå bergenslandbruket. Til dømes lammesteik, ost, salat, lefse, karamellpudding, mandelkrone, med meir. Såleis fekk vi vist fram dei rike mattradisjonane næringa vår står for, og det var mykje vellåt å høyre: - Karin`s råmjølkspudding var min favoritt, uttrykte Oddny Miljeteig frå SV.

- Eg vil takke styret og medlemane for flott innsats. Spesielt vil eg takke alle som diska opp med mat: Bønes Gårdsmat, Kronheim Grønt, Ostegården, Hjelle bakeri, egg og nykjerna smør frå Eivind Myrdal i Jordalen, flatbrød og råmjølkspudding frå Karin Lyngbø, samt ulike produkt frå Øvre-Eide-Gård, Nortura og Tine.   

Eg er overtydd om at dette møtet gav komiteen styrkja innsikt i utfordringane for landbruket i Bergen, der næringa inngår som ein naturleg del av byutviklinga, avsluttar Arild.