Nyhende frå Vestland Bondelag

Sette pris på å verte Bondevener

Vik Bondelag samla gode Bondevener i Ostebaren på Tine Meieriet i Vik. -Eit hyggeleg møte, som bondevenene tydeleg sette pris på, oppsummerer leiar Erik Lidal og styremedlem Per L. Tistel frå Vik Bondelag.

Ein ekte Bondeven

Ordførar i Luster kommune, Ivar Kvalen, har fått det "svart på kvitt" at han er ekte Bondeven. Og når fem lokallagsleiarar og ein minister har signert diplomet, kan han med god grunn smykka seg med tittelen.

Per utnemnde vener

Bondeven-kampanjen har starta, og utnemninga av vener er i gong både i lokallaga og på fylkesplan. På Sogn og Fjordane AP sitt fylkesårsmøte nytta Per Hilleren høvet til å synleggjere tre gode Bondevener.

I hælane på statsråden

Mange ministrar har vitja Sogn og Fjordane. I går var turen komen til Landbruks- og Matminister Trygve Slagsvold Vedum. Fylkesleiar Per Hilleren og organisasjonssjef Merete Støfring fekk høve til å følgje han og lytte til det som vart sagt.

Jordbruksoppgjeret er like viktig som kommuneoppgjeret

- For Gloppen kommune er jordbruksoppgjeret like viktig som kommuneoppgjeret, sa ordførar Anders Ryssdal i møte med Landbruks- og Matministeren på Byrkjelo tidlegare i dag.

Nytt styre i Hordaland Bondelag

Den nye leiaren i Hordaland Bondelag er fruktprodusent Terje Larssen frå Hardanger.

Sveio Bondelag er årets lokallag

Under årsmøtemiddagen steig spenninga ettersom leiar Clara ramsa opp aktivitetane til lokallaget som styret hadde kåra til årets beste. På slutten av talen vart det klart for alle at det var Sveio Bondelag som gjekk heilt til topps!

Bli ein bondeven du og

- Norsk landbruk er verdt å ta vare på, seier fylkesleiar Per Hilleren. No gjev vi alle moglegheit til å støtte sin favorittbonde på nett

Landbruksministeren kjem til fylket

Måndag den 18. mars kjem landbruks- og Matminister Trygve Slagsvold Vedum til Sogn og Fjordane. Han skal først møte bønder i Luster før turen går vidare til meieriet på Byrkjelo og samdriftsbesøk i Jølster. Du kan møte han på ope møte på Skei Hotel klokka 19:00.

DN må "koma ut or hiet"

- Sporinga denne vinteren syner at der er fleire jervar med tilhald i beiteområda i Luster, Lærdal og Årdal. Også i andre deler av fylket er det spora jerv. No er det på tide at Direktoratet for Naturforvaltning (DN) kjem ut or hiet og gjev Statens Naturoppsyn fellinngsoppdrag på jervane, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Per Hilleren.

"Landbruk over heile landet" vil kreve forsterka investeringsverkemiddel

- Det er ikkje realistisk at bøndene i Sogn og Fjordane kan produsere mykje meir på kvar driftseining enn dei gjer i dag med dagens driftsapparat. Skal vi greie å halde på matproduksjonen i alle deler av fylket, vil ei forbetring av investeringsverkemidla vere naudsynt, heiter det i fråsegna frå fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag.

Støttar opprop om å oppretthalde alarmsentralen i Florø

- For yrkesutøvarane i landbruket er det viktig at vi har tryggleik ved personulykker eller brann, heiter det i fråsegna frå årsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag som støttar opp om engasjementet for framleis å kunne ha ein alarmsentral i fylket.

Per Hilleren attvald som leiar i Sogn og Fjordane Bondelag

- Det er ein krevjande jobb og vere leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, men også svært gjevande, og eg er både glad og audmjuk over å få lov til å ta til på mitt 6. år som leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, seier ein glad Hilleren

Prisen for årets lokallag i Sogn og Fjordane gjekk til Breim

Breim Bondelag vart kåra til årets lokallag under fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane Bondelag. -I laget ser vi stort engasjement og iver på mange felt, seier fylkesleiar Per Hilleren.

Alf Støfring utnemnd til æresmedlem

Det var ein rørt og gledeleg overraska mann som vart utnemnd til æresmedlem i Sogn og Fjordane Bondelag på fylkesårsmøtet torsdag kveld. - No vart eg faktisk litt sett ut var Alf Støfring sin første kommentar til at han har fått heidersteikn på at han er æresmedlem i Sogn og Fjordane Bondelag.

2013 eit avgjerande år for utviklinga av norsk landbruk

- 2013 kan verte det mest avgjerande året for norsk landbruk på lang tid, sa fylkesleiar Per Hilleren i si tale til fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag tenkje eg på i kva politisk retning og med kva politisk styring vi sit att med ettr valet i september,

Fylkesårsmøtet utfordrar venstre sin landbrukspolitikk

- Leiar i unge Venstre og listetopp for Venstre i fylket, Sveinung Rotevatn, er kanskje den av listetoppane framfor Stortingsvalet 2013 som eg har drøfta politikk minst med, seier fylkesleiar Per Hilleren.

Drøftar innspel framfor jordbruksforhandlingane

- Det er utfordrande å kome fram til eit innspel til jordbruksforhandlingane som omforeiner alle dei innspela som er komne inn seier fylkesleiar Per Hilleren i ein kommentar til at han og resten av fylkesstyret i dag drøftar jordbruksforhandlingane i styremøtet på Sandane.

Er det best for miljøet om vi sluttar å produsere mat i Norge?

Er det best for miljøet om vi sluttar å produsere mat i Norge? Dette er eit av spørsmåla som vert sett på spissen og som skal drøftast når Miljøgruppa i Førde Sokneråd inviterer til temakveld på kyrkjetunet onsdag 5. mars.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere