- Eg set pris på at det store fleirtalet av politikarar i fylket forstår kor viktig landbruket er for fylket og med det som utgangspunkt fremjar gode innspel som kan vere med å styrke næringa, seier fylkesleiar Per Hilleren

Hovudutval for Plan og Næring vedtok i går følgjande hovudpunkt i fråsegna som fylkeskommunen vil sende som innspel til Landbruks- og Matdepartementet i førekant av jordbruksforhandlingane:

1. Produksjonar basert på grovfor og utmarksressursar må prioriterast. Næringsutøvarane må få ei inntekt som stimulerer til å vere med vidare, utvikle produksjonen og nytte ressursane. Dette er avgjerande for å oppretthalde ei aktiv næring og for framtidig rekruttering til landbruket. Sogn og Fjordane er eit fylke med ein topografi og klima som gjev særlege utfordringar med omsyn til effektiv produksjon. Bruka er meir tungdrivne, einingane mindre og det er store utfordringar knytt til transport for dei som driftar mykje leigejord. Distriktstilskot på kjøt og mjølk er viktige verkemiddel og må styrkast. Vidare må det stimulerast til satsing på sau gjennom innføring av driftstilskot på sau for auke attraktiviteten til denne næringa og for at produksjonen av norsk kjøt skal aukast. Bruk av utmarksressursar må premierast for at fleire dyr skal ut på beite, at ressursane i utmarka kan utnyttast betre og at kultur- landskapet skal haldast i hevd. Det må stimulerast til meir frukt og bær gjennom grep som gjer at det vert attraktivt å nytte norsk råvarer i næringsmiddelindustrien.

2 Det er stor trong for investeringar i jordbruket i fylket, og mjølkeproduksjonen er den mest kapitalkrevjande delen. Vidare er det trong for investeringar i andre produksjonar som t.d. sau og frukt/bær. Framtidig satsing på auka produksjon krev store investeringar Møtebok Hovudutval for plan og næring 06.02.2013 Side 10 av 13 og det må leggast til rette for at fleire investerer utan at den økonomiske risikoen vert urimeleg stor. Utan at fleire investerer i jordbruket i Sogn og Fjordane er det fare for at produksjonen vil gå ned i staden for å auke. Ulike regionale utfordringar gjer at taket på investeringsstøtte bør setjast regionalt slik det vert gjort i Nordland, Troms og Finnmark.

3 For at ungdom skal ynskje å ha ei framtid i landbruket må det leggast til rette for at arbeidskvardagen kan vere fleksibel og at det er mogleg å ha ferie og fritid til liks med andre yrkesgrupper. Samdrift er ei organiseringsform som gjer dette mogleg og som det framleis må leggast til rette for. Vidare er bruk av ny teknologi viktig for at arbeids- kvardagen kan verte lettare og meir effektiv for den einskilde næringsutøvar, noko som gjer at styrka investeringsverkemiddel er viktig uansett organiseringsform.

4 I jordbruksoppgjeret 2013 må det og leggjast på auka beredskap. Endra klima med auka risiko for naturhendingar som har alvorlege konsekvensar for avlingar og matforsyning, gjer at det er naudsynt å ha beredskapslager av viktige matvarer og såfrø/vekstar. Større variasjonar i klima gjer at erstatningsordningane innan grovfôrproduksjon med husdyr må forbetrast slik at tap ved innhausting av vinterfôr får hovudvekt.

 På side sju i protokollen frå møtet kan du lese heile vedtaket frå utvalet