- Opplegget var kjekt og lærerikt, med praktisk vinkling om eiga helse og tryggleik på arbeidsplassen. Noko som passa godt, sidanArbeid med E-læringsdelen. vi no står framafor utdannings- og yrkesval. 
E-læringsdelen var kjekkast, med gode eksempel og konkrete oppgåver, som også kan overførast til andre næringar. Dette gav både haldningar og ettertanke, var tilbakemeldingane frå elevane ved Strandebarm ungdomsskule.

 "Trygg på jobb" var eit samarbeid mellom ungdomsskulen, Strandebarm/Tørvikbygd Bondelag og Landbrukstunet Kompetanse. Lokallaget stilte med Annhild Oma, Gunvor Halden og Jon Olav Måge som rettleiarar under gruppearbeidet. Charlotte Joys frå Landbrukets HMS-tjeneste stod for den faglege gjennomføringa, med illustrative døme om kva HMS går ut på. 

Tilltaket er utarbeidd etter initiaiv frå Rakkestad og Degernes Bondelag. Norges Bondelag har vore med å tilrettelagt for lokal bruk.Jon Olav Måge kler seg opp til skogsarbeid. 

God mat og drikke høyrer med til god læring, og  det var difor kjærekome med pizzaservering til lunsj. 

Etter matøkta gjekk Jon Olav Måge gjennom kor viktig det er å sikre seg under arbeid i skogen, og kledder seg opp i fullt  verneutstyr.
Elevane viste stor innleving og innsats under gruppearbeidet, og sluttestresultat på 79%, 85%, 89%, 92% og 94%, fortel at mange fekk mykje med seg!

Avslutningsvis orienterte Tore Henrik Øye i Landbrukstunet Kompetanse om utdanningsval innafor landbruket, med vekt på naturbruk. Samarbeidet med skulen var svært bra heile vegen. Øye takkar for interessa og arbeidet rektor og lærarane la ned undervegs. Det var også kjekt at Senter for yrkesrettleiing i fylkeskommunen stilte opp for å få innblikk i opplegget. 

Lærar  hjelper til. Charlotte Joys føl med.
"Dei gode hjelparane" frå lokallaget. Jon Olav, Gunnvor og Annhild. Pizzatid.