Det har vore mykje is på innmarka denne vinteren. Etter kvar som det vårast vil vi no sjå om graset spirer som normalt eller om det er skada av isbrann. Gardsbruk der meir enn 20 % av enga er skada, kan søkje om tilskot til å utbetre skaden. Formålet med tilskotet er å bidra til at det vert hausta ei avling av gras eller grønfôr slik at avlingssvikten vert redusert.

Engarealet må vere pløgd, harva, fresa eller direktesådd, og vere tilsådd med frø av eng- og/eller grønfôrvekstar. Tilskot blir utrekna med ein fast sats på 330 kr/daa der 20% av det innvintra engarealet vert trekt frå. Reperasjonen må gjennomførast før det vert søkt om tilskot, og kjøp av såfrø må dokumenterast med godkjende rekneskapsbilag.

For område med svært sein vår kan Fylkesmannen gje utsett frist for reperasjon etter 15. juni.

Meir informasjon på nettsida til Statens landbruksforvaltning: Vinterskade på eng

Illustrasjonsfoto: Stardalen er eitt at områda som er hardt råka av vinterskade.