Grøntutvalet for Vestlandet. F.v. Terje Larsen, Hordaland, Brit Brækhus, Sogn og Fjordane og Audun Skjervøy, Møre og Romsdal.Det felles grøntutvalet for Vestlandet møtest i Sogndal sist fredag for å drøfte innspel fram for årets jordbruksforhandlingar.  Det var semje mellom medlemene i at økonomien i produksjonen av bær til industrien måtte styrkast, og at vilkåra for fornying av frukttrefelt må betrast vesentleg. 

-  Det er svært stor trong for eit investeringsløft på fruktsida (eple/pære), held Brækhus fram.  Fornying av frukthagane er naudsynt for å auke avlingane, betre kvaliteten og auke effektiviteten i frukthagane.   Viktig å prioritere dyrkarar som investerer og vil vere med i næringa.  Nye plantemetodar krev større kapital.  - Vi gjer framlegg om eit satsingsprogram over 5 år for å oppnå fornying av eple- og pæreproduksjonen, seier Brækhus.

Utvalet drøfta også andre utfordringar for næringa som import av plantemateriale.   Import av plantemateriale vil by på utfordringar for norsk planteproduksjon.  - Vi vil presisere at det også i framtida bør vere rom for, og trong for denne produksjonen. Norsk planteproduksjon må setjast i stand til å møte ein eventuell konkurranse frå importerte plantar.  Vi må ikkje stelle oss slik at sortar som gjev norsk produksjon konkurransekraft forsvinn, avsluttar Brækhus.