Naturbrukselevar på gardsopplæring
Fem elevar på Vg 1 og Vg 2 ved Stend vgs. skal den næraste tida få praktisk opplæring i gardsdrift av to utvalde "vertsbønder".
Utplasseringa skjer i faga i "Naturbasert produksjon" og "Produksjons- og tjenesteyting, med kopling til kompetansemåla i gjeldande læreplanar.
Praksisperioden skal vare mellom 20 og 50 timar per elev. Avslutningsvis skal det gjennomførast ei grundig vurdering av læringsutbytte og nytteverdi, både ut frå elevane, vertsbøndene og skulen sine synspunkt.
Olav Botnevik og Martin Lyssand frå Os har rolla som vertsbønder, med ansvar for å følgje opp elevane si læring. Begge har ei variert og samansett drift, med mjølk som hovudproduksjon. Olav og Martin har lang fartstid som bønder, og er sterkt opptekne av rekruttering til næringa.
Føremålet med ordinga er å gje elevane kunnskap og innsikt i ulikt gardsarbeid, leggje til rette for utprøving av yrket, og vonleg motivere til å velje ei landbruksretta utdanning.
Ordninga kan i stand etter samarbeid mellom Stend vgs, Hordaland Bondelag og Landbrukstunet Kompetanse, med finansiering frå fylkeskommunen sine RULL- midlar.
- Eit så positivt og yrkesretta tiltak vil me verkeleg vere med å støtte opp om , fortel Dag Arne Helle, regionsjef i Felleskjøpet Agri, som stilte opp med skikkelege arbeidsklede - i grønt!
Me kjem til å følgje elevane framover på denne nettsida.