Bondekafèen vart arrangert på Gamleskulen Hatlestrand den 17. januar, som oppfølging avInnleiar Ivar Halvorsen og oppdragsgjevar Veronica Hellestveit fjorårets møte om tema. 

- Mange av dei frammøtte står ovafor generasjonsskifte på garden. I dette høve fekk dei gode råd og tips for den vidare prosessen. Inntrykket var at deltakarane opplevde møtet som nyttig og lærerikt. Noko som me i lokallaget er svært glade for. Drivkrafta vår for å lage til slike møte, er nettopp å medverke til rekruttering på bygda og i landbruket. Kveldar som dette gjev oss difor inspirasjon til å arrangere fleire temakveldar framover, fortel Veronica, og takkar for frammøtet.

- Eg kjem gjerne att, seier innleiar Ivar Halvorsen, som aldri før har samla så mange folk på kveldsmøte. Og tilbakemeldingane viste at det er ytterlegare interesse for informasjon og fordjuping om tematikken.

- Det er flott at lokallaga arrangerer møte om generasjonsskifte. Gode kunnskapar om prosessen er viktig for at overdraginga skjer på ein god måte, med godt resultat for involverte partar. Dette vil vonleg vere med å gje dei nye brukarane motivasjon og ein god start som bønder, kommenterer fylkesleiar Clara Hveem, som rosar Ølve/Hatlestrand Bondelag for initiativet. 

 Framtidas bønder i lag med innleiar Ivar Halvorsen