FrP foreslår å kutte støtta til landbruket med 6645,5 millionar kroner. Det vil få enorme konsekvenser for dagens landbruk. 

Norges Bondelag har sett nærmare på kva Framstegspartiet sitt alternative statsbudsjett, deira programforslag, merknader og forslag partiet har hatt i handsaminga av Landbruks- og matmeldinga og i det siste jordbruksoppgjeret for 2013 vil bety i praksis.

Mange vil få et negativt vederlag til arbeid og eigenkapital, eller sagt med andre ord:  Du må betale for å produsere mat. Vi kan avanskeleg sjå at nokon torer satse under slike rammevilkår, ei heller at banker og kredittinstitusjoner vil tåre å låne pengar til dei som måtte vurdere å investere. Nokon bønder vil klore seg fast å halde ut i påvente av betre tider, men avskallinga frpå landbruksnæringa vil vere enorm kjem det fram i utrekningane.

 Frp sine forslag vil få store negative følger for busetting, kulturlandskap og produksjonsvolum.

Dette vil få konsekvenser for næringsmiddelindustrien i distriktene, både for den samvirkebasert og andre eigarformer. Slakteri og meieri må leggast ned, og arbeidsplassar vil forsvinne.  Vi har tidligare rekna ut at Høgre sin politikk vil gje alvorlege konsekvensar for norsk matproduksjon. Gjennomgangen av FrP sin politikk gjev klar melding om at eit blåblått alternativ vil gjere at norsk matproduksjon vil komme ytterlegare dårleg ut, vert det konkludert med i rapporten.

Notatet som operasjonaliserer Frp sin politikk kan du lese her