Fagsamling Inn på tunet, 5. februar
Nærare 50 stk deltok på fagsamlinga om Inn på tunet, som var på Landbrukets hus 5. februar. Dei kom fra IPT-samvirker og nettverk landet rundt. i tillegg til fylkesbondelaga. Arrangør var Bondelagets IPT-utval og Norsk bonde- og småbrukarlag.
Programmet for samlinga inneheldt mellom anna om kommunanes erfaringar og bruk av IPT som tenesteleverandør og ein dialog med representantar for Storitngets næringskomite om utvikling av IPT.
IPT i skulen blei fokusert gjennom ein presentasjon av skulerettleiaren som er utvikla og om moglegheitene for å ta IPT inn i dei ulike utdanningsløpa.
Grete Patil, NMBU og Anne Strøm Prestvik, NIBIO, presentere arbeidet i det store forskningsprosjektet Demensomsorg på gard.
Deltakarane fekk også ein gjennomgang av regelverket for transport ved IPT-tilbod, der ein nå har fått høve til å søkje om fritak frå kravet om transportløyve.
Presentasjonane som blei gitt på samlinga kan du laste opp på sida her