Noreg heng etter EU-landas matmaktregulering

  • Tips en venn om denne siden

Ferskvaredisk

For tre-fire år sidan vart nordmenn hyppig invitert til EU-hovudstaden for å fortelje om sitt nyskapande lovforslag for ein betre fungerande daglegvarebransje.

To utval hadde konkludert med at det var behov for klarare køyrereglar for bransjen. Det vart avdekka tendensar til ein fryktkultur med uklare kontraktar som opna for einsidige justeringar. Uredelege og lite føreseielege forretningsforhold gir ein ineffektivitet som i siste instans kan skade forbrukar.

Våren 2013 foreslo Daglegvarelovutvalet innføring av ei lov om god handelsskikk og eit handelstilsyn som kan motta anonyme klager. I lovforslaget inngjekk krav om skriftlege kontraktar som ikkje kan endrast einsidig, varslingsfristar for oppseiing av avtaler og forbod mot forretningsmetodar som framkallar frykt. Etter framlegginga vart utvalsleiar Hjelmeng invitert til Brussel for å vise veg for EU-land som sleit med same utfordringane. Vi fekk stadige spørsmål frå nysgjerrige bondeorganisasjonar.

Nådde aldri Stortinget

Hildegunn GjengedalMen forslaget nådde aldri Stortinget. I EU derimot, har stadig fleire land innført lover ikkje ulike det norske forslaget. Krav om skriftlege kontraktar, vern mot ugrunna oppseiingar av kontraktar, betalingsfristar og eigne tilsyn som kan ta imot anonyme klagar og gi sanksjonar går igjen i mange av lovforslaga. Storbritannia var tidleg ute, men også Spania, Irland og Ungarn er mellom dei 20 medlemslanda i EU som no har fått lover for god handelsskikk. Sist november foreslo det kommisjonsoppnemnde utvalet Agricultural Markets Task Force å innføre regulering også på EU-nivå for å hindre uheldig forretningspraksis i verdikjeda for mat. Dette kan dreie seg om urettmessig overføring av risiko og kostnader til andre deler av verdikjeda, einsidig endring eller urettmessig avslutting av kontraktar, eller for sein betaling.

Utvalet peikar på at ubalanse i forhandlingsmakt mellom partane i verdikjeda kan oppmuntre til denne typen uredeleg åtferd hjå den sterke parten. Dei foreslår m.a. at det skal vere ulovleg å endre kontraktar einsidig og i etterkant, og å krevje betaling for kontraktar.  Det kan ikkje skal stillast krav om å bidra til dekking av marknadsføringskostnader, og avtaler om lett bedervelege produkt skal ikkje kunne seiast opp i siste liten. Utvalet foreslår også oppretting av uavhengig tilsyn som kan drive eiga etterforsking og motta anonyme klagar, altså ikkje ulikt det norske forslaget frå 2013.

Bondens svake stilling i verdikjeda utgangspunkt

Agricultural Markets Task Force fekk mykje skryt for sitt forslag frå både bønder og samvirkeindustri, landbrukskommissær og dei fleste medlemslanda. Under høyringa i EU-parlamentet 9.januar var det berre daglegvarebutikkane sin interesseorganisasjon EU Commerce som uttrykte seg klart negativ til forslaget, ikkje ulikt i Noreg. Som i Noreg vil daglegvarehandelen heller ha frivillige ordningar, men EU-utvalet konkluderer med at det ikkje er nok. Bøndene og samvirka vil ikkje vere med i den frivillige ordninga fordi den manglar sanksjonsmoglegheiter og anonym klagetilgang. Ikkje uventa er bonde- og samvirkesamanslutninga Copa-Cogeca svært godt nøgd med rapporten.  Dei har lenge påpeika behovet for å gjere noko med tilhøva i verdikjeda for mat, der bonden er den svake part. - Delen bonden får har gått ned frå 31% i 1995 til 21% i 2011, sa president Martin Merrild under høyringa. Han fekk støtte frå landbrukskommissæren, som nettopp hadde bondens svake stilling i verdikjeda som utgangspunkt for bestillinga av rapporten.

Fram frå skuffa!

No er det opp til Kommisjonen å omforme forslaga frå utvalet til konkrete tiltak. Til og med USAs landbruksminister foreslo før jul ei innstramming av regelverket for ei betre fungerande verdikjede for mat. Kanskje er det på tide at også Noreg tek forslaget frå 2013 fram frå skuffa og vedtek ei lov om god handelsskikk.
 

Namdalseid Bondelag. Anette Liseter i midten

Jeg vil ikke bli den siste bonden i bygda

Ingen vil bli den siste bonden i bygda. Derfor må vi som bønder ta vare på hverandre, det kollegiale fellesskapet og landbrukspolitikken som gir rom for både de små og de store, skriver Anette Liseter i dette innlegget.

Ammeku

Et privilegium, men ingen hobby

Kalvinger på julaften, våronn i konfirmasjonstiden, og innhøsting hele høstjakta. Vi er der for deg og det er ingen plass vi heller vil være, men ikke gratis, skriver Johan Martin Tovslid om livet som bonde.

Vafler illustrasjonsbilde

Brunost, vafler og andre verdier

Det er ikke alle politikere som stiller opp for verdiene fra norsk jord. Ikke engang de politikerne som elsker brunost og vafler, skriver Lars Petter Bartnes.

Selmer Wathne

Landbrukets framtid

Helt fra jeg var liten har jeg visst en ting: jeg skal bli bonde, jeg skal overta gården hjemme.

Steffen Fjellestad

Ikkje store nok for regjeringa?

Er regjeringa sin framtidsbonde dei som kan vekse seg større og større, eller håpar dei at også unge som drøymer om eit gjennomsnittleg vestlandsgardsbruk finn vegen inn i landbruket?

Eirik Østebø

Ein ung bondes draum

Å vera bonde er ein livsstil, og eg håpar at mange ungdommar vil gå inn i denne livsstilen. Vil du hjelpe til med å få norsk mat på bordet?

Torstein B Klev

Jeg vil ta ansvar i framtida!

Hvis den eneste framtida regjeringen ser for bonden er å vokse seg større, ser det mørkt ut for maten og arbeidsplassene som det norske distriktslandbruket gir.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
20
Juni

Generalforsamling i BS

Landbrukets hus
Onsdag
20
Juni

Styremøte i Norges Bondelag

Landbrukets hus
Tirsdag
14
August

Gården som læringsarena i skolen

Auditoriet, Arendal Bibliotek

Våre samarbeidspartnere