Fakta om norske mjølkefjøs
I dag det 2900 lausdriftsfjøs i norsk mjølkeproduksjon, mens det er 4300 båsfjøs.
Båsfjøsen står i dag for produksjonen av 37 prosent av mjølkevolumet.

Stortinget vedtok i 2004 at norsk mjølke- og storfeproduksjon skal foregå i lausdriftsfjøs innan 2024. Bakgrunnen for dette er eit ønskje om å gje dyra moglegheit til fri bevegelse i fjøset. I 2008 fekk eigarar av båsfjøs bygd mellom 1.1.1995 og 22.4.2004 utsett frist for omlegging til lausdriftsfjøs til 2034.

Mosjonskrav

Storfe som står i båsfjøs etter 1.1.2024 skal ha minimum 16 veker med fri bevegelse og mosjon på beite i løpet av sommarhalvåret. Storfe i lausdriftsfjøs skal ha moglegheit for fri bevegelse og mosjon på beite minimum 8 veker i løpet av sommarhalvåret.

Norges Bondelag meiner at framtidas mjølke- og storfeproduksjon skal skje i lausdriftsfjøs, både fordi vi er opptatt av å styrke dyrevelferden og arbeidsmiljøet til bonden. Situasjonen i dag er likevel at nesten 60 prosent av mjølkeprodusentane framleis har båsfjøs. Dette er i all hovudsak små og mellomstore bruk, og dei står for meri enn ein tredjedel av den samla norske mjølkeproduksjonen.

Utsett frist

Dei mjølkebruka som framleis har båsfjøs har gjennomsnittleg 18 kyr. I dag er det vanskeleg å få støtte til bygging av lausdriftsfjøs med færre enn 30 kyr, grunna krava til oppteningsevne ved investeringar i landbruket. Det er avgjerande for berekrafta i norsk landbruk at bruka ikkje har mange fleire dyr enn det jorda tillet.

For å unngå nedleggingar av mindre og mellomstore bruk fram mot 2024, og for å gje 60 prosent av norske mjølkeprodusentar betre tid til å investere, vart Norges Bondelag og staten i jordbruksforhandlingane 2016 einige om å utsetje fristen for innføring av lausdriftsfjøs frå 2024 til 2034. Storfe på bås skal ha minst 16 veker på beite, og det vert krav om kalvingsbinge i båsfjøs. 

Norges Bondelag meiner:

  • Framtidas mjølke- og storfeproduksjon skal skje i lausdriftsfjøs. Det er viktig for å styrke dyrevelferden og for å gje bonden eit betre arbeidsmiljø.
  • Stortinget og regjeringa må vise vilje til å samarbeide med landbruket om omlegginga til lausdriftsfjøs.
  • Stortinget må løyve ein fleirårig investeringpakke som er øyremerka ombygging til lausdriftsfjøs. Desse investeringsmidla må vere innretta mot mindre og mellomstore fjøs.