Nyhende frå Vestland Bondelag

Treng du Mentor - eller vil du bli mentor?

Sogn og Fjordane var pilotfylke på utprøving av mentorordninga. Det var så vellukka at tilbodet no vert gjeve i heile landet. Søknadsfrist for å vere med i programmet i 2021 er den 1. desember.

Opptekne av trasèval for E39 frå Skei-Byrkjelo

- Det er utfordrande å sameine trongen for ny veg med trongen for ikkje å bygge ned matjord på strekninga mellom Skei og Byrkjelo i grenseland mellom Sunnfjord og Gloppen, seier attvald leiar i Jølster Bondelag Geir Støfring

Framtida for mjølkeproduksjonen

- Utkjøpsordninga på mjølk viste at mange «mindre» mjølkeprodusentar i båsfjøs ikkje ser på seg sjølve som ein del av framtida innan mjølkeproduksjonen. Det er framleis «kø» for å slutte i fleire av fylka. Jordbruksforhandlingane i 2021 MÅ gje eit framtidshåp også for mjølkebruka under 30 kyr, Krev styret i Sogn og Fjordane Bondelag.

Takka av etter 11 år som lokallagsleiar

- Da var på tide å gje seg no, sa Erling Nesse i Gulen og Masfjorden Bondelag. Han er ein av mange som over tid tek stafettpinnen og gjer ein jobb i kvardagsbondelaget. Normann Grimen tek over leiarvervet.

Produksjon av grønsaker i mindre skala - Nytt kurs i februar 2021 - Påmelding innan 1. november

Lokal småskalaproduksjon av grønsaker kan både vera enkelt og utfordrande å starte opp med. Bondens marknad i samarbeid med Fylkesmannen si Landbruksavdeling lanserer no andre kursrunde med marknadshagekurs i Vestland fylke.

Silje Åsnes Skarstein ny leiar i Olden Bondelag

- Bondelaget er heilt avhengige av at medlemer deler på jobben med å vere tillitsvalde i lokallaga, seier fylkesleiar Anders Felde. Han deltok i årsmøtet til Olden Bondelag og nyttar høvet til å gratulere Silje Åsnes Skarstein med vervet som leiar.

Kari Sigrun Lysne med fornya tillit i Norges Bondelag sitt Grøntutval

- Eg er glad for å få sitje i Grøntutvalet sentralt i to nye år, seier styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag Kari Sigrun Lysne.

Tal jerv må reduserast kraftig !

Ferske tal frå Rovdata syner at det minst har vore 63 ynglingar av jerv i 2020. Stortinget sitt vedtekne bestandsmål er 39 årlege ynglingar. - Dette gjev ein uhaldbar situasjon for beitenæringa. Kraftige verkemiddel må kome for å få ned bestanden av jerv, seier nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Ole Bjarne Hovland.

Aktivt lag i Naustdal

- Aktivt møte, med god drøs, gode og interesante diskusjonar og innspel, prega årsmøtet i Naustdal Bondelag sist veke, seier styremedlem Gry Ingvild Agjeld som representerte fylkeslaget i årsmøtet.

Skivebom frå matvarekjedane at bonden er grunn til auka matprisar

Utsegna kjem frå fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag som ein kommentar til Coop sin kommunikasjonssjef Bjørn Takle Friis sin påstand på riksdekkande media om at jordbruksoppgjeret og bøndene er grunnen til at prisane på mat aukar meir enn andre varer.

Kalvekos frå barneskuleelevar

I haust tok Heidi Ringstad i Askvoll i mot 2. klasse ved Askvoll skule på gardsbesøk.

Høykultur i Os

Os Bondelag stilte opp då kunstverda trong hjelp frå nevenyttige bønder.

Eit gufs av dårleg møteskikk i landbruket

Her kan du lese fylkesleiar Peder Nernæs sitt svar til lesarinnlegg frå Arne Lofthus. Dette innlegget har stått på trykk i fleire lokalaviser.

Engasjert gjeng i Eikefjorden

- Litt spent, men mest kjekt på mitt første oppdrag som utsending til lokallagsårsmøte, seier 1. vara til fylkesstyret Ellen Eiken som representerte fylkeslaget på Eikefjord Bondelag sitt årsmøte

Landbrukets Klimakalkulator lansert i dag

- Dagens lansering av klimakalkulatoren er ein milepæl for landbruket sitt klimaarbeid. Det vil framleis vere trong for å utvikle kalkulatoren vidare i tråd med bruken og erfaringane ein gjer seg, seier fylkesleiar Anders Felde i Sogn og Fjordane Bondelag

Høyrt om Bondeboka.no?

Ikkje? Nettsida bondeboka.no har ambisjon om å vere ein oppdatert og “to the point”-kunnskapsbase for bonden i Vestland fylke, der ein får svar på forvaltningsrelevante spørsmål i bondekvardagen, seier tilsett hos fylkesmannen i Vestland Bastian Hoffmann

Årsmøte i lokallaga

Det er tid for årsmøte i lokallaga. I år vert det både fysiske og digitale møte.

Renate Rendedal held fram som leiar i Balestrand Bondelag

- Det var eit knakande kjekt årsmøte i Balestrand Bondelag, seier fylkeslaget sin representant Kari Sigrun Lysne. Flott for medlemene at Renate Rendedal held fram som leiar, for ho er jammen flinke smiler Kari Sigrun.

Tilsyn frå sofakroken

Den teknologiske utviklinga i landbruket er fantastisk! Aldri har det vore lettare for bonden å ha tilsyn med husdyra på utmark.

Har regjeringa gløymt landbruket?

Nytt statsbudsjett er ute, utan støtte til verken klimatiltak eller koronatiltak for landbruket.

Rettleiar til hjelp i utfylling av søknad om rovvilterstatning

- Vårt håp er at denne rettleiaren skal vere ei praktisk hjelp for dei som har tap av husdyr til rovdyr, og at den vil medverke til å gjere søknadsprosessen litt enklare, seier advokat Karoline Hustad som arbeider sentralt i Norges Bondelag

Meld deg på tema og skattekurs november 2020

Annleisåret 2020 held fram, men vi håpar å gjennomføre årets Tema- og Skattekurset bortimot som før 16.-18. november ved Quality Hotell Sogndal.

Ny og betre bondebok

Nettsida bondeboka.no har ambisjon om å vere ein oppdatert og “to the point”-kunnskapsbase for bonden i Vestland fylke, der ein får svar på forvaltningsrelevante spørsmål i bondekvardagen.

Tilskot frå Hordaland Landbruksselskap

Hordaland Landbruksselskap forvaltar kapitalen til 6 fond og legatar. Bønder, forskingsorganisasjonar, forsøksringar og faglag i Hordaland kan søkja om tilskot frå avkastinga i fondet.

Takk til Frøydis for god innsats!

Frøydis Haugen vart takka av under årsmøtet i Norges Bondelag etter ti år som tillitsvald for bondelaget.

Bodhild Fjelltveit ny andre nestleiar i Norges Bondelag

Under årsmøtet i dag vart Bodhild Fjelltveit frå Bergen vald til andre nestleiar i styret til Norges Bondelag. Knut Byrkjenes Hauso vart vald inn i valnemnda.

Årsmøte i Norges Bondelag

I går møttest utsendingane frå Hordaland til årsmøtemiddag, og i dag deltar dei i digitalt årsmøte frå ein møtesal i Bergen.

Å, jeg vet en seter

...med så mange gjeter, noen har en bjelle når de går i fjellet...

Treng vi norsk matproduksjon i framtida?

Dette er eit av spørsmåla vi prøvde å gje svar på til ungdomsskuleelevar i Hyen, Eikefjorden, Vik i Sogn og Balestrand då samvirkebedriftene besøkte skulen deira.

Klimatiltak på garden i fokus

- Landbruket må og skal vere ein del av framtidas grøne næringsliv, seier ordførar i Stad kommune, Alfred Bjørlo.

Gratulerer til grøntmiljøet i Lærdal

- Det er heilt fantastisk og gullje godt levert frå grøntmiljøet i Lærdal, som er nominert til å kunne få ein av dei gjeve prisane i Det Norske Måltid 2021, seier ein oppglødd fylkesleiar.

Droneteknologi for å rydde eng og åker

Me har fått ein førespurnad om å hjelpe studentar frå NTNU som har prosjekt om bruk av droneteknologi for å finne uønska gjenstandar i åker/eng. Kan du hjelpe?

Da står ikkje på engasjementet

- Det er utruleg gjevande, men ikkje alltid like lett å samanfatte engasjementet til styret i Sogn og Fjordane Bondelag i eit godt referat, seier ei humørfylt Merete Støfring som har gleda av å vere referent.

Søknadsomgong Regionalt Miljøprogram

I dag kan du søke om midlar frå det Regionale Miljøprogrammet i Vestland. Siste frist for å søkje er 15. oktober, men det er alltid lurt å ikkje vente til siste dagen.

Klimaomstilling i landbruket

Gloppen kommune har starta arbeidet med ny klimaplan for kommunen. I samarbeid med Bondelaget inviterer kommunen til fagdag torsdag 17. september for å byggje kunnskap og motivere til klimaomstilling i landbruket.

Digitalt kurs i valnemndsarbeid

Sogn og Fjordane Bondelag inviterar i år til digitale kurs for valnemndene i lokallaga.

På leiting etter kvite ulldottar på fjellet!

Vi går mot ei ny helg. Då passar det godt å sjå bilete frå eit sankelag i Sundsdalen og eit i Kvammen som førre helg var på sauesanking.

Prosjekt FriKalv

Tre kommunar i Vestland er med i eit prøveprosjekt med fri avskyting av hjortekalv.

– Vi har ein jobb å gjere med å redusere hjortebestanden

Lesarinnlegg frå Nils Magne Gjengedal.

Ein åker full av godsaker

På Rendedal Gard i Vetlefjorden, har Renate Rendedal hatt eit spanande prosjekt i sommar

Fagdager om gardsvarmeanlegg

Vil du finne ut meir om moglegheitene for ved- eller flisfyringsanlegg på garden din? Hordaland Bondelag og CH4 inviterer til fagdag for gardbrukarar og andre interesserte på Stord 20.10 og på Voss 22.10.

Digitalt årsmøte i Norges Bondelag

Årsmøtet i Norges Bondelag vert digitalt, men utsendingane frå Hordaland vil gjennomføre møtet i samla fylkesdelegasjon.

Ynskjer beredskapsøvingar der landbruket er involvert

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand innleia møte med fylkesbondelaget med å seie at den store brannen i Lærdal på ein måte var vendepunkt kring synleggjering av bøndene i beredskapssamanheng

Kjekt å treffast att

Samstyret for lokallaga i Sunnfjord kommune har hatt sitt første møte etter korona-pandemien råka landet.

Hjortejakta er i gang

I dag startar hjortejakta for fullt. For mange er det som ein festdag å rekne. Noko ein har gleda seg til lenge. Er du klar?

Rundballar er ikkje eit leikestativ!

Det kan vere freistande å klatre på dei, men rundballar er ikkje eit trygt leikestativ, seier leiar i Vik Bondelag, Turid Haga Vange.

Regionale miljøtilskot i jordbruket

Tilskota i Vestland omhandlar hausting av bratt eller veglaust areal, beitebruk, stølsdrift, skjøtsel av biologisk mangfald og kulturminne, og miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel. Frist 15. oktober.

Lova å sjå på sakshandsamingsrutinane

- Eg opplevde møtet med leiinga i Landbruksdirektoratet som eit godt møte med opne, faglege drøftingar kring viktige problemstillingar seier fylkesleiar Anders Felde i ein kommentar til at mellom andre direktør Jørn Rolfsen i Landbruksdirektoratet vitja Luster på onsdag.

Besøk Bergen Matfestival i september

Bergen Matfestival vil hylle vestlandsmaten frå land og sjø under ein annleis festival 3. – 5. september.

God stemning på fellesmøte i Sogndal

Det var ikkje fullt så dramatisk som det ser ut til då Sogn og Fjordane og Hordaland Bondelag møttes til felles styremøte på Quality Hotel Sogndal 24.-25.august...

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere