Medlemene i Eikefjord var opptekne av korleis mindre bruk skal klare omlegginga økonomisk frå båsfjøs til lausdrift i mjølkeproduksjonen.   Det var engasjerte drøftingar kring avstand, køyring og økonomi i å skape eit fornuftig driftsopplegg tilpassa garden sine ressursar.  Medlemene var også opptekne av avfallshandtering, dyrevelferd og dyrehelse i møtet.

Styret i Eikefjord Bondelag f.v.:  Beate Steindal,  Stein Ove Svardal, Bodil Hovland Øren,  Stig Rune Svorstøl, Idar Øren, Asle Magne Ellingsund  og Frode Steinhovden.

Asle Magne Ellingsund held fram som leiar i Eikefjord Bondelag.  Lukke til :)